SlideShare une entreprise Scribd logo
1  sur  20
Télécharger pour lire hors ligne
Klimalære: 
Klimaundervising i Sogn og Fjordane - 
ein forstudie av undervisninga som blir tilbydd i 
vidaregåande skulen i 2014 
KLIMALÆRE Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Company 
Deborah E. Davies 
Gjesteforskar 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe 
Senter for Klimaviten 
deborah@bre.museum.no 
SOGN OG FJORDANE 
FYLKESKOMMUNE
Introduksjon 
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Klimaet er i endring… 
Det er utvitydig semje i vitskaplege og politiske miljø om at menneskeleg aktivitet er hovudårsaka til at klimaet vårt er i 
endring (FNs klimapanel, 2007, 2014). Dette påverkar alt no menneskeliv og natursystem i stor grad og vil halde fram med å 
gjere det i åra som kjem. Det blir sagt mykje om klimaendringar og dei nye utfordringane både lokalt, nasjonalt og globalt, 
men det er framleis eit stort gap mellom kunnskap, haldningar og handling på dette området. 
UNESCO peikar på utdanning som eit viktig verdsomspennande tiltak mot klimaendringane (2010). Lærarane spelar ei 
sentral rolle når det gjeld å skape medvit om samspelet mellom klima og menneske. Slik kan ein legge det framtidige 
grunnlaget for meir velinformerte og robuste lokalsamfunn. Med dette som utgangspunkt har Norsk Bremuseum i Fjærland, i 
samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og lærarar i den vidaregåande skulen, undersøkt korleis undervisninga 
tek for seg temaet klimaendringar og korleis museet kan fungere som ein støttespelar i undervisinga. 
God klimaundervising bør vera tverrfagleg og kombinere naturfag med samfunnsvitskap og økonomi. Også dei 
menneskelege og åtferdsmessige sidene ved klimaendringane bør takast med. Men klimaundervising har sine utfordringar. 
Vitskapen om klima kan vera vanskeleg å forstå for elevane, på same tid som det kan vera krevjande for lærarar og skular å 
undervise i dette temaet (Coyle, 2005). Klima er i tillegg blitt eit politisk ladd tema ved at folk sin livsstil og personlege verdiar 
vert knytte opp mot klimaendringane. Dette gjer det endå meir utfordrande å undervise i temaet. 
Norsk Bremuseum har hatt eit tett samarbeid med skulane i fylket dei siste 20 åra, og har etablert eit godt renomme 
gjennom innsatsen for å samle, utvikle og spreie kunnskap om brear og klima. Ved hjelp av museet sitt kontaktnett på 
skulane og eit sterkt samfunnsengasjement, vart denne studien utvikla for å undersøke kva lærarane kan om klima, tilgangen 
på læreressursar, korleis undervisinga er i dag og kva slags mogelegheiter som finst for vidareutdanning her i fylket. 
Nøkkeltema i undersøkinga er om skulane underviser i klimaendringar og i så fall korleis, barrierar i klimaundervisinga og kva 
slags ressursar og støtte lærarane treng for betre å kunne integrere klima i eksisterande læreplanar. 
Dette er den første undersøkinga om klimaundervising i vidaregåande skule her i fylket, og kanskje den første i sitt slag i 
Noreg. Undersøkinga vil vere eit utgangspunkt for vidare studiar og kan bidra til utviklinga av læreressursar for lærarar i fylket. 
Denne rapporten inneheld ein disposisjon over undersøkinga, drøfting av funna og ei liste med tilrådingar for vidare arbeid. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
1
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Tilnærming og metode 
Mangel på eksisterande data og ei avgrensa tidsramme gjorde at vi valde å nytte ei kvantitativ spørjeundersøking for å hente 
inn informasjon. Undersøkinga var delt i fire: 
1. Bakgrunnsinformasjon – for å kartleggje spennet blant lærarane som svarte på undersøkinga 
2. Undervising om klima – undersøkje spennvidda i undervisninga og kva slags læreressursar og fagleg støtte lærarane vel å 
nytte seg av 
3. Haldningar til klimaendringar – kartleggje meiningar om ulike sider ved årsakene til klimaendringane, konsekvensar og 
tiltak 
4. Klimakviss – undersøkje lærarane si forståing av klimasystemet, årsakene til klimaendringane og konsekvensar av 
klimaendringane 
Undersøkinga inneheldt stort sett fleirsvarsoppgåver. I nokre tilfelle tillet vi opne svar. I del 2 og 3 nytta vi skalaer utan eit 
nøytralt eller midtre svaralternativ slik at respondentane kunne gradere sitt eige syn på påstandane. Klimakvissen inneheld 
spørsmål henta frå liknande kvissar nytta i Storbritannia, Australia og USA, som deretter er tilpassa NASA sine standardar for 
klimalære (2009). Spørsmåla tek for seg sju prinsipp i klimavitskapen: 
- Sola er hovudkjelda til energi i jorda sitt klimasystem. 
- Klimaet blir regulert av komplekse vekselverknader mellom komponentane i jorda sitt system. 
- Livet på jorda er avhengig av, blir forma av og påverkar klimaet. 
- Klimaet varierer i tid og rom som følgje av både naturlege og menneskeskapte prosessar. 
- Vår forståing av klimasystemet forbblir forbetra gjennom observasjonar, teoretiske studiar og modelleringar. 
- Klimaendringane kjem til å få konsekvensar for jorda sitt system og menneskeliv. 
- Menneskelege aktivitetar påverkar klimasystemet. 
Vi inkluderte eit «veit ikkje»-alternativ i klimakvissen for å identifisere kor lærarane har hol i klimakunnskapen sin. Dette har vist 
seg å redusere gjetting (Courtney & Weidemann, 1985) og gjer dermed sluttresultata meir presise. I pilotstudien kunne 
respondentane velje å svare «Veit ikkje, men ville gjetta…». Føremålet var å avdekke kor vidt lærarane var usikre på sin eigen 
kunnskap eller mangla kunnskap. Dessverre var konfigureringa av nettundersøkinga slik at ein berre kunne velje eit enkelt 
«veit ikkje»-svaralternativ. 
For å sikre at spørsmåla i undersøkinga var respondentvenlege, vart det første utkastet gjennomgått av tilsette både i 
Vestlandsforsking og fylkeskommunen og ved Norsk Bremuseum. Undersøkinga vart prøvd ut på lærarar på eit klimaseminar 
ved Norsk Bremuseum 13. mars 2014, og ein forbetra nettversjon vart lansert 1. april 2014. 
Vi har sytt for fortruleg handtering av personleg informasjon under datainnsamlinga. For å utarbeide ei enkel og 
kostnadseffektiv undersøking vart Google Survey Tool nytta. Undersøkinga vart designa slik at dei som svarte på ho var 
anonyme. Identifiserande data, som namn på lærarar eller skular, vart ikkje samla inn eller nytta i rapporten. Det var frivillig for 
lærarane å ta del i undersøkinga. Ein kort omtale av prosjektet vart sendt via e-post til alle rektorar på førehand. Omtalen vart 
etterfølgd av ein invitasjon på e-post til alle lærarane i fylket, med lenkje til undersøkinga. Vi samla inn ein non-stratified data 
sample for å få innsikt i kor vidt lærarane underviste i klimaendringar på tvers av fag. Til sama 60 lærarar fullførte 
undersøkinga innan tidsfristen. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
2
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Resultat og drøfting 
Nedanfor legg vi fram nøkkelfunn frå kvar av dei fire delane av undersøkinga. 
Del 1: Bakgrunn 
Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege respondentar var jamn. 77 prosent av dei som deltok hadde fulltidstillingar. Dei 
fleste var godt etablerte i læraryrket. 79 prosent hadde jobba som lærarar i meir enn 6 år, og 22 prosent av desse hadde 
jobba i meir enn 20 år. 
Kvinne 
Til saman 58 prosent av respondentane var lærarar i realfag eller naturfag, ein kombinasjon, og/eller fag som 
matematikk og landbruksfag. Dei resterande 42 prosentane underviste i andre fag – språk, samfunnsfag, geografi, 
matematikk og religion. Det var òg enkelte svar frå lærarar innan naturbruk, naturbasert produksjon, kroppsøving, 
landbruksfag, husdyrfag, plantefag, hestefag, trafikkfag, elektro og yrkesfag. 
Drøfting: 
Sidan 58 prosent av respondentane var lærarar i anten realfag, naturfag eller ein kombinasjon desse faga, og dei 
resterande 42 prosentane underviste i andre fag, vart svara frå dei to gruppene presenterte og vurderte separat i del 2 
av rapporten og utover. Dette gjer vi for å få meir innsikt i dei potensielt ulike behova desse gruppene vil ha når det 
gjeld fagleg utvikling og støtte.. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
3 
Fig 1 
Kjønn 
Mann 
Kvinne 
Mann
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del 2: Undervising om klima 
Figurane nedanfor viser at 77 prosent av lærarane har undervist om klima og at 77 prosent er interesserte i å lære meir om 
klima. Tabellen nedanfor gir ei meir detaljert oversikt. 
. 
Fig 2. 
Drøfting: 
Til saman 14 respondentar svara at dei ikkje var interesserte i å lære meir om klima. Av desse 14 underviste 6 i realfag og 
naturfag. Dei representerer 17 prosent av respondentane innan desse faga. Som vi kjem inn på seinare, er ikkje dette 
nødvendigvis eit teikn på uvilje mot å undervise om klima i framtida eller eit teikn på negativitet til framtidig profesjonell 
utvikling. 
Underviser no 
Interessert i å lære meir 
Underviser ikkje no 
Interessert i å lære meir 
Underviser no 
Ikkje interessert i å lære meir 
Underviser ikkje no 
Ikkje interessert i å lære meir 
64% 13% 10% 13% 
Naturfag, realfag, 
samfunnsfag, engelsk, 
naturbruk, trafikk, geografi, 
historie 
Realfag, programfag, engelsk 
samfunnsfag, helse, yrkesfag 
elenergi, landbruksfag, 
Naturfag, realfag, 
samfunnsfag, engelsk, 
geografi, norsk, religion 
Naturfag, realfag, 
samfunnsfag, historie, 
automasjon, elektro, språk 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
4 
Fig 3. 
Table 1. 
Ja 
Nei Nei 
Ja 
Ja 
Nei 
Ja 
Nei 
1. Har du undervist om klimaendringar på skulen din? 
7. Er du interessert i å læra meir om klimaendringar for fagleg utvikling?
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del 2: Undervising om klima – innhald og læreressursar 
Lærarar vart spurde om kva sider ved klima undervisinga omfatta (S3) og korleis temaet heng saman med visse andre tema 
(S4). 
3. Kva tema dekker du i undervisinga? Merk av aktuelle svar. 
Fig 3. Fig 3. 
Drøfting: 
Resultata viser at undervisinga om klima i fylket er brei både når det gjeld korleis det blir undervist og når det gjeld innhald. 
Ein lærar supplerte lista over tema med «Transport av varer». 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
5 
Fig 5. 
Fig 6. 
Tiltak for å tilpasse samfunnet klimaendringar 
Tiltak for å redusere utslepp av klimagassar 
Framtidige scenario 
Usikkerheit 
Karnonkrinsløpet 
Global oppvarming 
Menneskekapte endringar 
naturlege klimaendringar 
Andre 
18 30% 
43 72% 
31 52% 
31 52% 
30 50% 
40 67% 
45 75% 
30 50% 
10 17% 
4.Tek du opp nokre av følgjande tema i samband med klimaendringar? Merk av aktuelle svar. 
Global endring 
Befolkningsvekst 
Globalisering 
Bærekraftig utvikling 
Forureining 
Krisehendingar 
Artsutrydding 
Avskoging 
Biodiversitet 
Havnivåauke 
Havforsuring 
Artsmigrasjon 
Other 
36 60% 
37 62% 
27 45% 
46 77% 
47 78% 
20 33% 
33 55% 
34 57% 
20 33% 
34 57% 
12 20% 
10 17% 
9 15%
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del 2: Undervising om klima – innhald og læreressursar 
Når lærarane vart spurde kva for informasjonskjelder dei brukar for å undervise om klima (spørsmål 5), var internett mest 
populært. Deretter kom media generelt og relevante kurshefte. Enkelte trekte også fram ressursar som filmen «Ein 
ubehageleg sanning» frå 2006 og relevante NRK-program. 
På spørsmål 8: Kva vil vera nyttigast hjelp for deg i undervising om klimaendringar? kunne respondentane velje meir enn eitt 
svar og difor tilføre ytterlegare informasjon. Som figuren nedanfor viser, var praktiske øvingar mest populært, etterfølgt av 
meir midlar til museumsbesøk og seminar om konsekvensar av klimaendringar i Noreg. Åtte av respondentane la til forslag 
om meir tid til å utvikle læreressursar, tilgang på den nyaste forskinga, stoff om korleis maritime operasjonar kan bli påverka, 
og ei liste med nyttige fagord/omgrep på relevante språk. 
4. Kva vil vera nyttigast hjelp for deg i undervising om klimaendringar? Merk av aktulle svar. 
Drøfting: 
Når det gjeld læreressursar som vert nytta, brukte berre 4 prosent av respondentane ressursar og informasjon frå seminar, 
kurs og konferansar dei hadde delteke på. Dette kan indikere ein mangel på profesjonell støtte og utviklingsprogram, og at 
lærarar ikkje har tilgang på den nyaste og mest presise informasjonen og ideane om klima og klimaundervising. Dersom 
lærarane ikkje finn fram til gode informasjonskjelder ved hjelp av det mest nytta verktyet, altså internett, kan det potensielt 
føre til at dei lærer frå seg ting som er feil. 
Med tanke på profesjonell utvikling og støtte i klimaundervisinga, som tidlegare nemnt, svara 14 av respondentane nei til 
framtidig kompetanseheving. Seks av desse underviste ikkje om klima då dei svara på spørjeundersøkinga. Dette kan tolkast 
som ein uvilje mot å undervise om temaet i framtida og ei negativ haldning til framtidig profesjonell utvikling. Når dei i 
spørsmål 8 vart spurde om kva som kunne hjelpe dei i å undervise om klima, svara berre tre (ein språk- og sosialfagslærar 
og to automasjonslærarar) at dei ikkje hadde interesse av å læra meir/undervise om klima. Blant dei 11 siste var det to som 
hadde behov for å få nok tid og ordlister, ein ønskte å besøke ei utstilling og resten valde fleire svaralternativ. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
6 
Fig 7 
Eindagsseminar for utvikling av undervisingsplanar og ressursar 
Seminar om kva klimaendringar er, og kva det har å seie for Noreg 
Meir informasjon om klimaendringar 
Meir informasjon om koreis klimaendringar vil påverke Sogn og Fjordane 
Praktiske øvingar tilknytt læreplanmål 
Meir midlar til å besøke faglege institusjonar t.d. museum, vitensenter 
Vandreutstillingar 
Andre 
21 35% 
25 42% 
19 32% 
18 30% 
33 55% 
26 43% 
12 20% 
8 13%
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del 2: Klimaundervisning – informasjon om klimaendringar 
I andre del av del II graderte lærarane sin eiga kompetanse med fokus på kunnskap, læring og informasjonskjelder. Vidare 
vart lærarane spurde kor godt informerte dei sjølve tykte dei var er om klima og kor dei henta mesteparten av informasjonen 
om klimaendringar frå. 
Kor godt tykkjer du at du er informert om…? 
0 25 50 75 100 
Klimaendring 
Ulike årsaker til klimaendring 
Dei ulike konsekvensane av 
klimaendring 
Kva vi kan gjera for å redusere 
global oppvarming 
Korleis vi kan tilpasse oss ulike 
påverknader av klimaendrin 
Vidaregåande utdanning 
Lågare utdanning 
Høgare utdanning 
Kollegaer 
Andre senter for læring 
Statlege institusjonar/informasjon 
Miljøorganisasjonar 
Lokalråd 
Tidsskrift 
Film 
Internett 
Radio 
Bøker/magasin 
Aviser 
Familie og vener 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
7 
Ikkje informert Lit informert Informert Godt informert Veit Ikkje 
Hovudkjelder for informasjon om klimaendring 
0 25 50 75 100 
Ingenting Lit Noko Mykje Veit ikkje 
Fig 8 
% 
Fig 9 
%
Del 2: Klimaundervisning – informasjon om klimaendringar 
Undersøkinga tok vidare føre seg i kva grad lærarane har tillit til ulike kjelder til informasjon om klimaendringar. 
Drøfting: 
Storparten av lærarane føler at dei er velinformerte om klimaendringar, men kan litt mindre om årsaker og konsekvensar. Når 
dei vart spord kor godt informert dei var I høve ulike årsaker til klimaendring, meinte 57% at dei var informert og 37% at dei 
var godt informert. Det var ein liknande fordeling når det gjeld konsekvensar av klimaendring. Men når det gjeld kor godt dei 
er informert om korleis klimaendring kan reduserast, meinte 36% at dei var lite eller ikkje informert. Når det gjeld 
klimatilpassing meinte 47% at dei var lite eller ikkje informert 
Storparten av lærarane skaffar seg kunnskap gjennom internett, aviser og filmar. Internett viser seg å vere den meste brukte 
informasjonskjelda, men sosiale medium og religiøse institusjonar vart oppfatta som dei minst pålitelege kjeldene til 
informasjon om klimaendringar. 
. 
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
8 
I kva grad har du tillit til følgjande som kjelde til 
informasjon om klimaendringar? 
% 
Vitskapsfolk 
Fagfellevurderte tidsskrift 
Vitskaplege konferansar 
Rapportar frå vitskaplege stiftingar 
Massemedia 
Sosiale medium, t.d. Twitter og Facebook 
FN sitt kilmapanel, IPCC 
Offentlege myndigheiter 
Politiske parti 
Naturvernorganisasjonar 
Bedrifter eller bedriftsorganisasjonar 
Religiøse institusjonar 
Familie og venner 
0 25 50 75 100 
Mistillit Stoler litt Stoler mykje Tillit Veit ikkje 
Fig 10
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del 2: Undervising om klima - Barrierar for undervisning om klima 
Vidare tok undersøkinga for seg kor vidt lærarane opplevde å støyte på spesielle hindringar når dei skulle undervise i 
klimaendringar. 
Drøfting: 
Svara viser at det er fire spesifikke områder der meir enn halvparten av respondentane har erfart spesielle hindringar når det 
gjeld å leggje temaet klimaendringar inn i undervisninga. Den mest statistisk signifikante og også minst overraskande er 
mangel på tid, etterfølgd av mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar, mangel på kunnskap og mangel på vitskapleg 
sikkerheit om klimaendringane. 
Barrierane som er presenterte her representerer ikkje ei uttømande liste. For å finne fram til andre barrierar, krevst det ei 
meir detaljert undersøking. Heldigvis er det få lærarar som føler seg forhindra i å undervise om klimaendringar som 
følgje av press frå kollegaer eller skuleleiinga. Det er uansett viktig å finne ut meir om situasjonar der lærarar har støtt 
på vanskar og høyre kva for støtte dei har bruk for. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
9 
I kva grad hindrar følgjande deg i å ta klimaendringar inn i undervisinga? 
% 
Mangel på tid 
Mangel på kunnskap 
Mangel på støtte frå arbeidsplassen 
Mangel på tilgang til påliteleg 
vitskapleg informasjon 
Mangel på tilgang til eigna visuelle 
ressursar til bruk i klasseromme 
Mangel på vitskapleg sikkerheit 
om klimaendringane 
Undervising om klimaendringar er 
ikkje prioritert på min skule 
Mina kollegaer trur ikkje 
klimaendringane faktisk skjerl 
Klimaendringar har ikkje direkte 
relevans for det som blir undervist 
på skulen 
0 25 50 75 100 
Inga betydning Noko betydning Betydeleg Svært viktig Veit ikkje 
Fig 11
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del II: Undervising om klima - Kompetanse 
I andre del av del II graderte lærarane sin eiga kompetanse. Desse resultata tydelege fram når ein skil mellom dei ulike 
fagdisiplinane. 
0 25 50 75 100 
0 25 50 75 100 
Drøfting: 
Det er tydeleg at lærarar i realfag og naturfag har større tru på eigen kompetanse når det gjeld undervisning om 
klimaendringar enn lærarar i andre fag. Sjølv om dette ikkje gir nokon peikepinn om det faglege nivået dei enkelte lærarane 
held, peikar det på ulikskapar når det gjeld behov for fagleg støtte. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
10 
Eigenvurdering av kompetanse: Naturfag og realfaglærarar 
På å vurdera vitskapleg 
informasjon om klimaendringar? 
På å formidle/læra bort vitskapleg 
informasjon om klimaendringar? 
På å formidle/læra bort årsakene 
til klimaendringar? 
På å formidle/læra bort konsek-vensane 
av klimaedringar? 
På å formidle/læra bort om 
klimatilpassingstiltak? 
Eigenvurdering av kompetanse: Andre lærarar 
% 
% 
Ikkje kompetent Litt kompetent Kompetent Svært kompetent Veit ikkje 
Fig 12 
På å vurdera vitskapleg 
informasjon om klimaendringar? 
På å formidle/læra bort vitskapleg 
informasjon om klimaendringar? 
På å formidle/læra bort årsakene 
til klimaendringar? 
På å formidle/læra bort konsek-vensane 
av klimaedringar? 
På å formidle/læra bort om 
klimatilpassingstiltak?
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del 3: Syn på klimaendringar 
Denne delen inneheld 30 påstandar som lærarane svara på i ein semantisk differensiert skala. Påstandane dekkjer syn på 
skuld og ansvar, årsaker og konsekvensar av klimaendringar, klimavitskap og mediedekning. 
Resultat frå Del 3 av undersøkinga: Meiningar om klima 
Heilt einig Einig Ueinig Heilt ueinig Veit ikkje 
Realfag & naturfag lærarar Andre lærarar 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
11 
% 
0 25 50 75 100 
Klimaendringane er uunngåelege 
på grunn av måten moderne 
samfunn virkar på 
Me kan alle gjera vår del for å 
redusere verknadane av 
klimaendringane 
Klimaendringar kjem til å betre 
veret i noreg 
Prova på klimaendringane er 
upålitelege 
Eg er usikker på om klima-endringane 
er verkjelege 
Den vestlege verda burda ta 
mesteparten av skulda for 
klimaendringane 
Kva me gjer i noreg har ikkje 
noko betydeleg å seie for 
globale temperaturar 
Folk er for egoistiske til å gjera 
noko med klima-endringane 
Påstandar om at menneskeleg 
aktivitet endrar klimaet er 
overdrivne 
Det er for mykje motstridande 
bevis om klimaendringane 
Effektane av klimaendringane 
blir truleg katastrofale 
Forureining frå industri er hov-udgrunnen 
til klimaendringane 
Det er for tidleg å konkludere 
om klimaendringar verkjeleg er 
eit problem i noreg 
Media er ofte alt for opphaus-ande 
om slikt som klima-endringar 
% 
100 75! 50! 25! 0
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Resultat frå Del 3 av undersøkinga: Meiningar om klima 
Realfag & naturfag lærarar Andre lærarar 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
0 25 50 75 100 
12 
Heilt einig Einig Ueinig Heilt ueinig Veit ikkje 
100 75! 50! 25! 0 
Industrien og bedrifter burde 
gjera meir for å takla 
klimaendringane 
Eg trur ikkje klimaendringar er eit 
reelt problem 
Regjeringa gjer ikkje nok for å 
takle klimaendringane 
Eg føler eit moralsk ansvar for å 
gjere noko med klimaendringane 
Naturen er sterk nok til å takla 
følgjene av klimaendringane 
Planter og dyr har same rett til 
eksistens som menneska 
Mine livsstilsval medverkar til 
klimaendringane 
Menneskeleg aktivitet er ikkje 
hovudårsaken til global 
oppvarming 
Kva eg gjer har ingenting å seie 
for klimaendringane verken eine 
eller andre vegen 
Ekstremveret det siste tiåret viser 
normal variasjon i klimamønster 
Den pågåande oppvarminga av 
jorda skjer mykje fortare enn 
nokon gong. 
Menneska kan gjere lite for å 
redusere global oppvarming 
Global oppvarming er for alvor-leg 
til å overlate til politikarar 
Menneska har 50 år før global 
oppvarming kjem til å føre til 
alvorleg skadelege konsekvensar 
Vitskapsstanden er likt fordelt i 
synet på om menneskeleg aktiv-itet 
påverkar klimaendringane 
Ny teknologi vil vere løysinga på 
klimaendringane 
Fig 13
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del 3: Drøfting 
Sjølv om lærarar frå ulike skular og fagdisiplinar har delteke i denne undersøkinga, er dei i stor grad samstemde når det gjeld 
synet på dei framsette påstandane. I begge gruppene kjem det fram ein viss klimaskepsis (dvs. tvil om at menneska 
påverkar klimaet gjennom utslepp av klimagassar), men flesteparten uttrykker at dei erkjenner klimaendringane og 
konsekvensane det kan få. Dei fleste erkjenner også at dei sjølv og andre har ei viss skuld i klimaendringane og eit ansvar for 
å gjere noko. 
Det er nokre skilnader på svara frå dei to gruppene. Den første skilnaden er at lærarar i realfag og naturfag gir uttrykk for 
sterkare meiningar, der fleire anten er heilt einige eller heilt ueinige i påstandane. Den andre skilnaden går ut på at lærarar i 
dei andre faga oftare svara veit ikkje. Dette viser at lærarar i realfag og naturfag potensielt har eit høgare kunnskapsnivå, men 
ogsåat dei kjenner seg tryggare på meiningane sine om klimaendringar. 
Om påstanden Menneska har femti år på seg før global oppvarming kjem til å utgjere ein reell fare for oss svara om lag ein 
tredjedel av begge gruppene Veit ikkje. På den andre sida var om lag ein tredjedel av begge gruppene samde i påstanden. 
Dette indikerer at klimaendringane framleis blir sett på som eit framtidig problem og ikkje eit dagsaktuelt problem. Denne 
oppfatninga kan påverke måten lærarane tek opp temaet klimaendringar i klasserommet. 
Dei to gruppene skilde tydelegast lag i synet på desse påstandane: 
Prova på klimaendringane er upålitelege 
Det er for mykje motstridande bevis om klimaendringane 
Mindre enn ein åttandedel av lærarane frå realfag og naturfag var einige i desse påstandane. Frå andre fagområde var 
derimot ein fjerdedel einige i den første påstanden, medan om lag halvparten slutta seg til den andre påstanden. At mange 
hevdar klimavitskapen ikkje skal vere til å stole på, er eit tilbakevendande problem for dei som arbeider med å formidle 
kunnskap klimaendringar. Ein årsak til at det er slik, er at media har ein tendens til å leggje lik vekt på argumenta for og mot 
klimaendringar. Desse resultata viser at lærarane kan ha nytte av vidare fagleg utvikling og støtte for å oppdatere seg på 
dagens kunnskapsstatus innan klimavitskap, som ikkje gir mykje rom for tvil om at klimaendringane er reelle. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
13
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Del IV: Klimakviss 
Resultata frå klimakvissen viser at lærarar i realfag og naturfag har det høgste kunnskapsnivået når det gjeld klimaendringar, 
men berre 55 prosent av svara deira var korrekte. Lærarane i andre fag hadde berre 31 prosent rett. 
Riktige svar Feil / veit ikkje svar 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
14 
Klimakviss 
Real– og naturfaglærarar Andre lærarar 
0 8 15 23 30 
Q1. Drivehuseffekten er forårsaka 
av… 
Q2. Kva drivhusgass er det mest av i 
atmosfæren? 
Q3. Kva for fylgjan de klimaendringar 
har enno IKKJE hendt? 
Q4. Kva for fylgjande aktivitetar bid-rar 
mest til globale utslepp av 
karbondioskid? 
Q5. Kor mykje energi og ressursar vil 
trengast dersom alle skulle leve som 
oss i noreg? 
Q6. Kva for gass absorberer ikkje 
energi frå sola? 
Q7. Kva bidreg mest til havni-våstiging, 
ved sida av bresmelting? 
Q8. Klimaendring i noreg er 
vekstsesongen forventa å bli 1-2 
månader lengre i 2100. Kva er 
forventa å skje med vekstsesongen i 
høgfjellsområda? 
Q9. Korleis har den globale opp-varming 
frå 1998 til 2012 utvikla seg i 
forhold til gjen- nomsnittet sidan 1951 
Q10. Den viktigaste kjelda til energi i 
jorda sitt klimasystem er? 
Q11. Kva er den nest største kjelda 
til menneskeskapt karbondioksid? 
Q12. Dersom menneska ikkje slepp 
ut karbondioksid i dag, kva ville skje 
med den globale temperaturen i 
morgon? 
25 
Totalt antall respondentar 
35 0 
Totalt antall respondentar 
Fig 14
Del 4: Klimakviss - Drøfting 
Klimakvissen avslørte at sjølv om lærarane har noko kunnskap om klimaendringar, så er det også store manglar. Berre 43 
prosent av svara var korrekte når ein ser gruppene under eitt. 
Halvparten av real- og naturfagslærarane svarte rett på fire spørsmål; S1, S6, S7 og S10. Desse tok for seg definisjonen på 
klimaendringar, årsaker til havnivåstiging, gassar i atmosfæren og kva som er den viktigaste kjelda til energi i klimasystemet. 
Dei tre spørsmåla dei færraste kunne svaret på, var S5, S8 og S9. Desse spørsmåla tok for seg kor mykje energi og 
ressursar vil trengast dersom alle skulle leve som oss i noreg, endring i vektstsesongane på høgare breiddegrader og 
endringar i kor fort den globale oppvarminga skjer. 
Blant lærarane i andre fag svarte halvparten korrekt på S1 og S12. Desse spørsmåla handla om rett definisjon av 
klimaendringar og kva karbonutslepp vil ha å seie for framtidig global temperatur. Spørsmåla som dei færraste av dei svara 
korrekt på, var S2: kva drivhusgass er det mest av i atmosfæren?, S8 og S9. 
På spørsmål S9 svara berre 5 prosent av lærarane rett, noko som indikerer at dei var innforstått med funna frå den siste 
rapporten til FNs klimapanel om at den globale oppvarminga har gått saktare i perioden 1998 til 2012, samanlikna med data 
frå dei fire føregåande tiåra. 
Resultata indikerer at det finst enkelte misoppfatningar om klimaendringar. Desse misoppfatningane kan vere farga av 
lærarane sine eigne meiningar. Til dømes var det berre 55 prosent som svara rett på at energiproduksjon er hovudårsaka til 
menneskeskapte utslepp av karbondioksid i S4. At Noreg har ein relativt miljøvenleg energiproduksjon med mykje vasskraft, 
og at kolkraftverk til dømes ikkje er ein del av kulturlandskapet, kan vere ein grunn til at lærarane meiner at utsleppa i større 
grad er knytt til transport og avskoging. 
S5 og S8 var formulerte for å gjer kvissen meir relevant for folk i Noreg. Spørsmåla hadde bakgrunn i informasjon frå den 
statlege nettsida Miljøstatus (www.miljostatus.no). At lærarane ikkje svara korrekt på desse spørsmåla, kan delvis kome av at 
dei ikkje nyttar 
seg av 
6. Kva av dei følgjande nettstadene brukar du i undervisinga? Merk av aktuelle svar. 
denne 
sida. 
Dette kom fram i del 2 om ressursar brukt i 
undervisning om klimaendringar. 
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
15 
CICERO 
Environment.no 
Miljodirektoratet.no 
Bjerknessenteret for klimaforskning 
ndla Naturfag 
Regjeringen.no 
Naturfagsenteret.no 
Klimaloftet 
Other 
9 15% 
0 0% 
20 33% 
9 15% 
8 13% 
21 35% 
6 10% 
23 38% 
35 58% 
Fig 15
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Hovudfunn 
Lærarar i den vidaregåande skulen underviser i temaet klimaendringar. 77 prosent av lærarane underviser om 
klimaendringar, som tidlegare omtalt. 13 prosent av dei spurde, som oppgir at dei per i dag ikkje underviser om 
klimaendringar, svarar at dei ønskjer å lære meir. Ettersom det var frivillig å delta i denne undersøkinga, kan det tenkast at 
grunnen til at dei likevel ville delta, var ei personleg interesse for temaet klimaendringar. Det som er heilt sikkert, er at det blir 
utført undervising i klimaendringar ved skular i Sogn og Fjordane. I tillegg viser resultata at klimaundervisinga er prega av stor 
breidde både når det gjeld utføring og innhald, sjølv om dette i seg sjølv ikkje gir nokon peikepinn om klimaundervisinga er 
integrert i pensum eller kva slags moglegheiter som finst for vidare utvikling av klimaundervisinga. 
Lærarane trur det er ein mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringar. I undersøkinga kjem det fram at 
lærarane meiner det er ein mangel på vitskapleg sikkerheit og konsensus om klimaendringar. I del 2 av undersøkinga 
vurderte 52 prosent at denne uvissa er ei hindring i klimaundervisinga. I del 3 kom det fram at fleire lærarar frå ikkje-naturvitskaplege 
fagfelt trur at klimavitskapen framleis er mangelfull og at det er mangel på samsvar blant forskarane. 
Undersøkinga går ikkje inn på om dette synet kjem til uttrykk i klasserommet. 
Bruk av internett. Resultata viser at lærarane finn fram til informasjon om klimaendringar gjennom ein rekke kjelder: bøker, 
blad, aviser, internett og film. Internett er den mest brukte informasjonskjelda. Lærarane vurderte sosiale medium som 
Twitter, Facebook og bloggar om dei nest minst pålitelege kjeldene til informasjon, medan religiøse institusjonar vart rekna 
som dei aller minst pålitelege kjeldene. Det er truleg behov for vidare rettleiing om kor på nettet den mest pålitelege 
informasjonen om klimaendringar finst. 
Profesjonell utvikling. Berre fire prosent svara at dei hadde tilgang til læreressursar og informasjon frå seminar, kurs og 
konferansar. Dette indikerer ikkje berre ein mangel på fagleg støtte og vidareutdanning i undervisning om klimaendringar. Det 
tydar også på at lærarane kanskje ikkje har tilgang til den nyaste og mest presise informasjonen om klimaendringar, og nye 
idéar om klimaundervising. Dersom læararane ikkje finn pålitelege informasjonskjelder ved hjelp av det mest nytta verktyet, 
nemleg internett, kan det potensielt føre til at dei spreier feilinformasjon. 
Når det gjeld fagleg utvikling og støtte til klimaundervisinga, svarte 14 av lærarane nei til framtidig hjelp. Åtte av desse 
underviste ikkje i temaet klimaendringar då dei tok del i undersøkinga. Dette kan tolkast som ein uvilje mot å undervise om 
klimaendringar i framtida og ein potensielt negativ haldning til framtidig fagleg utvikling. Men når deltakarane i S8 vart spurde 
kva som kan hjelpe dei til å utføre klimaundervising, var det berre tre (ein språk- og sosialfagslærar og to 
automasjonslærarar) som svara at dei ikkje hadde interesse av å lære meir/undervise om klimaendringar. Blant resten var det 
to som svara at dei hadde behov for å få nok tid og tilgong til ordlister, ein kunne tenke seg å besøke ei utstilling, medan 
resten kryssa av for fleire svaralternativ. Dette tydar på at fleire lærarar i regionen er opne for å ta på seg undervising i temaet 
klimandringar viss dei får ulike typar assistanse. 
Flesteparten av lærarane vurderte seg sjølve som godt informerte om klimaendringar, medan litt færre meinte dei kunne 
mykje om årsaker og konsekvensar. Ein tredjedel av lærarane uttrykte likevel mangel på eller avgrensa kunnskap om tiltak 
som kan redusere utslepp av klimagassar, og nesten halvparten sa det same om tilpassing til klimaendringar. Resultata viser 
at real- og naturfagslærarar har større tru på eigen kompetanse i klimaundervisinga enn med lærarar i andre fag. Dette gir i 
seg sjølv ikkje nokon peikepinn på kva slags kunnskap ein lærar har om klimaendringar, men det tydar på at lærarane har 
bruk for ulike typar fagleg støtte. 
Klimakvissen avslørte at sjølv om lærarane har noko kunnskap om klimaendringar, så har dei også store hol i kunnskapen 
sin. Berre 43 prosent av svara var rette svar når ein ser dei to faggruppene under eitt. Dette understrekar nok ein gong at 
lærarane har behov for fagleg hjelp og støtte. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
16
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Tilrådingar – Seminar i klimakunnskap og praktiske workshopar 
Målet med denne undersøkinga var å finne ut om det blir undervist i klimaendringar ved vidaregåande skular i Sogn og 
Fjordane og korleis ein på best mogeleg vis kan tilby lærarane hjelp og støtte til klimaundervisinga. Resultata viser at 77 
prosent underviser om klimaendringar. Av desse er 64 prosent interesserte i å lære meir. Ytterlegare 13 prosent, som i dag 
ikkje underviser om klimaendringar, er også interesserte i å lære meir. Lærarar utfører med andre ord klimaundervising i den 
vidaregåande skulen og dei er opne for vidare fagleg utvikling innan klimalære. 
Berre 4 prosent hadde tilgong til læreressursar og informasjon frå seminar, kurs og konferansar. At 76 prosent seier dei 
ønskjer å lære meir, kan kome av at dei ikkje har hatt høve til ådelta på slike arenaer. Desse funna tydar også på at mange 
lærarar ikkje har hatt høve til å byggje nettverk, diskutere undervisning i klimaendringar eller samarbeide med andre lærarar 
om å utvikle klimaundervisinga si. 
Praktiske øvingar og workshopar:Det er svært viktig at eit eventuelt framtidig opplegg for fagleg utvikling 
blir relevant og nyttig for lærarane. Resultata frå undersøkinga viser at 55 prosent av lærarane som svarte ønskjer 
tilgong til praktiske øvingar knytte til pensum. Vidare ønskjer 35 prosent praktiske workshopar der målet er å utvikle 
opplegg til bruk i klasserommet. Både øvingar og workshopar gjer det mogeleg for lærarane å dele idear og døme på 
god undervisning. Dette vil vere spesielt nyttig når det gjeld fag eller fagområde der relevansen av klimaundervising 
ikkje er heilt openberr og/eller der det manglar døme på korleis ein kan integrere temaet klimaendringar i pensum. Slik 
kursing kan også spare lærarane for tidkrevjande planlegging. Det er naudsynt å drøfte temaet meir med lærarar for å 
sikre seg at læreressursar og workshopar blir godt tilpassa behova deira. 
Seminar i klimakunnskap: Sjølv om lærarane i begge gruppene har noko kunnskap om klimaendringar (lærarane i 
real- og naturfag svara i snitt rett på fleire spørsmål enn lærarar i andre fag), var berre 43 prosent av svara rette. Storparten 
av lærarane har ikkje oversikt over dei nyaste funna i den siste rapporten til FNs klimapanel, noko som kjem fram i S8. Av S2 
kjem det fram at det er misoppfatningar om drivhusgassar, og av S9 kjem det fram at lærarane ikkje er klar over følgjene av 
klimaendringar her i Noreg. 
Lærarar har truleg ulike kunnskapsbehov når det gjeld å integrere klimaundervising i elevane sitt pensum, men det er uansett 
viktig at dei har ei solid grunnforståing av klimarelaterte tema. Seminar om klimaundervising bør difor ikkje berre ha som mål 
å gjere lærarane kjende med årsaker, prosessar og konsekvensar av klimaendringar i Noreg. Dei bør også kunne vise fram 
gode døme på undervisning om temaet gjennom ulike metodar, øvingar og ressursar. 
Norsk Bremuseum si rolle: Norsk Bremuseum har ei sentral geografisk plassering i fylket og lokale som 
eignar seg til å halde workshopar. Kursing kan dessutan kombinerast med besøk på museet. Sidan museet allereie har 
vore med på å arrangere eit seminar om klimaundervising, har ein teke eit steg vidare mot å utvikle eit format for 
framtidige kurs retta mot lærarar. Sidan ein del lærarar truleg ikkje kan delta på slike workshops, bør materiale som 
presentasjonar og læreressursar gjerast tilgjengelege for nedlasting. All kursing for å heve nivået på klimakunnskapen 
bør også innehalde lister med læreressursar der det finst oppdatert, påliteleg og kulturelt relevant informasjon. Norsk 
Bremuseum si heimeside kan fungere som kunnskapsbanken der lærarane finn det relevante materialet om klima. 
Desse to initiativa er eit tilrådd første steg mot å heve kunnskapen og auke forståinga om klimaendringar blant lærarar, 
mot å integrere lokalt kunnskapsinnhald om klimaendringar i pensumet og mot å få fram kritisk tenking om 
klimaendring. 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
17
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Konklusjonar og vidare undersøkingar 
Sjølv om resultata frå denne undersøkinga viser at det blir undervist i klimaendringar ved vidaregåande skular i Sogn og 
Fjordane, er dette ei frivillig og anonym undersøking. Difor kjem det ikkje fram om klimaundervising blir utført ved alle skulane 
eller berre nokre av dei. Resultata viser også at klimaundervisinga har stor breidde, både når det gjeld korleis det blir 
undervist og med tanke på innhald. Vidare undersøkingar må til for å finne ut kva som er tilgjengeleg av lokale og kulturelt 
relevante aktivitetar og kva som eventuelt blir brukt for å formidle klimakunnskap ved skulane i Sogn og Fjordane. Fleire 
kvalitative studiar må gjerast dersom ein vil finne døme på den gode klimaundervisinga, slik som å invitere eksterne 
føredragshaldarar (til dømes klimaforskarar) for å utvide undervisninga, og å gjere jakta på klimaløysingar til ein del av elevane 
sitt pensum. Det må ytterlegare studiar til dersom ein vil finne ut kva som er dei beste formene for deling av gode 
undervisningsmåtar og for å sikre at elevar over heile fylket får undervisning som held det same nivået. 
Som forventa er behovet for framtidig kursing og profesjonell støtte ulikt frå lærar til lærar og innan dei ulike faga. 
Undervisning i klimaendringar er ikkje obligatorisk i dag, og viss skulane underviser om dette temaet, er det fordi lærarane 
har bestemt seg for å gjere det ut frå tilgjengeleg tid, læreressursar og behovet for det i høve til pensum. Sjølv om ho er 
enkel, har denne undersøkinga gjeve ei viss innsikt i kva for fagleg hjelp og støtte som kan vere mest nyttig for lærarane. 
Basert på tilbakemeldingane er det fire ulike område der meir enn halvparten av lærarane ser hindringar av nokon betyding 
for å undervise om klimaendringar. Den mest statistisk signifikante og også minst overraskande er mangel på tid. Deretter 
kjem mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar, mangel på kunnskap og mangel på vitskapleg sikkerheit om 
klimaendringane. Desse barrierane representerer ikkje ei uttømmande liste. Meir detaljerte undersøkingar må til for å 
finne ut om lærarane møter på andre hindringar i klimaundervisinga. Heldigvis er det få lærarar som føler seg forhindra i 
å undervise om klimaendringar som følgje av press frå kollegaer eller frå skulen. Det er uansett viktig å finne ut meir om 
lærarar som har støytt på vanskar og slå fast kva slags hjelp og støtte dei treng i framtida 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
18
Bibliografi 
KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane 
Coyle, Kevin. Environmental Literacy in America: What Ten Years of NEETF/Roper Research and Related Studies Say about 
Environmental Literacy in the U.S. Washington, D.C.: NEETF, 2005. Web. 1 Feb. 2014 http://www.neefusa.org/pdf/ 
ELR2005.pdf 
IPCC, 2014: Summary for policymakers. In: Climate Change 2014: Impacts, Adaptation, and Vulnerability. Part A: Global and 
Sectoral Aspects. Contribution of Working Group II to the Fifth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on 
Climate Change [Field, C.B., V.R. Barros, D.J. Dokken, K.J. Mach, M.D. Mastrandrea, T.E. Bilir, M. Chatterjee, K.L. Ebi, Y.O. 
Estrada, R.C. Genova, B. Girma, E.S. Kissel, A.N. Levy, S. MacCracken, P.R. Mastrandrea, and L.L. White (eds.)]. 
Cambridge University Press, Cambridge, United Kingdom and New York, NY, USA, pp. 1-32. 
IPCC, 2007: Summary for Policymakers. In: Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working 
Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change [Solomon, S., D. Qin, M. 
Manning, Z. Chen, M. Marquis, K.B. Averyt, M.Tignor and H.L. Miller (eds.)]. Cambridge University Press, Cambridge, United 
Kingdom and New York, NY, USA. 
Mermer, Thad. "Climate Change Education for Sustainable Development." Climate Change Education for Sustainable 
Development. UNESCO, 1 Nov. 2010. Web. 1 Feb. 2014. http://unesdoc.unesco.org/images/0019/001901/190101E.pdf 
NOAA. "CLimate Literacy The Essential Principles of Climate Sciences A Guide for Individuals and Communities." U.S. 
Global Change Research Program / Climate Change Science Program, 1 Mar. 2009. Web. 1 Feb. 2014. http:// 
oceanservice.noaa.gov/education/literacy/climate_literacy.pdf 
Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 
19

Contenu connexe

Plus de Deborah Davies

Case Utvikling Arealklim
Case Utvikling ArealklimCase Utvikling Arealklim
Case Utvikling ArealklimDeborah Davies
 
Oppstartseminar innledning
Oppstartseminar innledningOppstartseminar innledning
Oppstartseminar innledningDeborah Davies
 
Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima
Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klimaArealplanlegging og beredskap for fremtidens klima
Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klimaDeborah Davies
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...Deborah Davies
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Han...
Online Training Resource for Climate Adaptation:  Adaptation Strategies - Han...Online Training Resource for Climate Adaptation:  Adaptation Strategies - Han...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Han...Deborah Davies
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...Deborah Davies
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...Deborah Davies
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Introduction
Online Training Resource for Climate Adaptation: IntroductionOnline Training Resource for Climate Adaptation: Introduction
Online Training Resource for Climate Adaptation: IntroductionDeborah Davies
 

Plus de Deborah Davies (8)

Case Utvikling Arealklim
Case Utvikling ArealklimCase Utvikling Arealklim
Case Utvikling Arealklim
 
Oppstartseminar innledning
Oppstartseminar innledningOppstartseminar innledning
Oppstartseminar innledning
 
Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima
Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klimaArealplanlegging og beredskap for fremtidens klima
Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Evaluation Techniques- Avoid...
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Han...
Online Training Resource for Climate Adaptation:  Adaptation Strategies - Han...Online Training Resource for Climate Adaptation:  Adaptation Strategies - Han...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Han...
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Adaptation Strategies - Whic...
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...
Online Training Resource for Climate Adaptation: Analysing Climate Vulnerabil...
 
Online Training Resource for Climate Adaptation: Introduction
Online Training Resource for Climate Adaptation: IntroductionOnline Training Resource for Climate Adaptation: Introduction
Online Training Resource for Climate Adaptation: Introduction
 

Klimalære: Klimaundervising i Sogn og Fjordane - ein forstudie av undervisninga som blir tilbydd i vidaregåande skulen i 2014

  • 1. Klimalære: Klimaundervising i Sogn og Fjordane - ein forstudie av undervisninga som blir tilbydd i vidaregåande skulen i 2014 KLIMALÆRE Klimaundervising i Sogn og Fjordane Company Deborah E. Davies Gjesteforskar Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten deborah@bre.museum.no SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE
  • 2. Introduksjon KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Klimaet er i endring… Det er utvitydig semje i vitskaplege og politiske miljø om at menneskeleg aktivitet er hovudårsaka til at klimaet vårt er i endring (FNs klimapanel, 2007, 2014). Dette påverkar alt no menneskeliv og natursystem i stor grad og vil halde fram med å gjere det i åra som kjem. Det blir sagt mykje om klimaendringar og dei nye utfordringane både lokalt, nasjonalt og globalt, men det er framleis eit stort gap mellom kunnskap, haldningar og handling på dette området. UNESCO peikar på utdanning som eit viktig verdsomspennande tiltak mot klimaendringane (2010). Lærarane spelar ei sentral rolle når det gjeld å skape medvit om samspelet mellom klima og menneske. Slik kan ein legge det framtidige grunnlaget for meir velinformerte og robuste lokalsamfunn. Med dette som utgangspunkt har Norsk Bremuseum i Fjærland, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og lærarar i den vidaregåande skulen, undersøkt korleis undervisninga tek for seg temaet klimaendringar og korleis museet kan fungere som ein støttespelar i undervisinga. God klimaundervising bør vera tverrfagleg og kombinere naturfag med samfunnsvitskap og økonomi. Også dei menneskelege og åtferdsmessige sidene ved klimaendringane bør takast med. Men klimaundervising har sine utfordringar. Vitskapen om klima kan vera vanskeleg å forstå for elevane, på same tid som det kan vera krevjande for lærarar og skular å undervise i dette temaet (Coyle, 2005). Klima er i tillegg blitt eit politisk ladd tema ved at folk sin livsstil og personlege verdiar vert knytte opp mot klimaendringane. Dette gjer det endå meir utfordrande å undervise i temaet. Norsk Bremuseum har hatt eit tett samarbeid med skulane i fylket dei siste 20 åra, og har etablert eit godt renomme gjennom innsatsen for å samle, utvikle og spreie kunnskap om brear og klima. Ved hjelp av museet sitt kontaktnett på skulane og eit sterkt samfunnsengasjement, vart denne studien utvikla for å undersøke kva lærarane kan om klima, tilgangen på læreressursar, korleis undervisinga er i dag og kva slags mogelegheiter som finst for vidareutdanning her i fylket. Nøkkeltema i undersøkinga er om skulane underviser i klimaendringar og i så fall korleis, barrierar i klimaundervisinga og kva slags ressursar og støtte lærarane treng for betre å kunne integrere klima i eksisterande læreplanar. Dette er den første undersøkinga om klimaundervising i vidaregåande skule her i fylket, og kanskje den første i sitt slag i Noreg. Undersøkinga vil vere eit utgangspunkt for vidare studiar og kan bidra til utviklinga av læreressursar for lærarar i fylket. Denne rapporten inneheld ein disposisjon over undersøkinga, drøfting av funna og ei liste med tilrådingar for vidare arbeid. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 1
  • 3. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Tilnærming og metode Mangel på eksisterande data og ei avgrensa tidsramme gjorde at vi valde å nytte ei kvantitativ spørjeundersøking for å hente inn informasjon. Undersøkinga var delt i fire: 1. Bakgrunnsinformasjon – for å kartleggje spennet blant lærarane som svarte på undersøkinga 2. Undervising om klima – undersøkje spennvidda i undervisninga og kva slags læreressursar og fagleg støtte lærarane vel å nytte seg av 3. Haldningar til klimaendringar – kartleggje meiningar om ulike sider ved årsakene til klimaendringane, konsekvensar og tiltak 4. Klimakviss – undersøkje lærarane si forståing av klimasystemet, årsakene til klimaendringane og konsekvensar av klimaendringane Undersøkinga inneheldt stort sett fleirsvarsoppgåver. I nokre tilfelle tillet vi opne svar. I del 2 og 3 nytta vi skalaer utan eit nøytralt eller midtre svaralternativ slik at respondentane kunne gradere sitt eige syn på påstandane. Klimakvissen inneheld spørsmål henta frå liknande kvissar nytta i Storbritannia, Australia og USA, som deretter er tilpassa NASA sine standardar for klimalære (2009). Spørsmåla tek for seg sju prinsipp i klimavitskapen: - Sola er hovudkjelda til energi i jorda sitt klimasystem. - Klimaet blir regulert av komplekse vekselverknader mellom komponentane i jorda sitt system. - Livet på jorda er avhengig av, blir forma av og påverkar klimaet. - Klimaet varierer i tid og rom som følgje av både naturlege og menneskeskapte prosessar. - Vår forståing av klimasystemet forbblir forbetra gjennom observasjonar, teoretiske studiar og modelleringar. - Klimaendringane kjem til å få konsekvensar for jorda sitt system og menneskeliv. - Menneskelege aktivitetar påverkar klimasystemet. Vi inkluderte eit «veit ikkje»-alternativ i klimakvissen for å identifisere kor lærarane har hol i klimakunnskapen sin. Dette har vist seg å redusere gjetting (Courtney & Weidemann, 1985) og gjer dermed sluttresultata meir presise. I pilotstudien kunne respondentane velje å svare «Veit ikkje, men ville gjetta…». Føremålet var å avdekke kor vidt lærarane var usikre på sin eigen kunnskap eller mangla kunnskap. Dessverre var konfigureringa av nettundersøkinga slik at ein berre kunne velje eit enkelt «veit ikkje»-svaralternativ. For å sikre at spørsmåla i undersøkinga var respondentvenlege, vart det første utkastet gjennomgått av tilsette både i Vestlandsforsking og fylkeskommunen og ved Norsk Bremuseum. Undersøkinga vart prøvd ut på lærarar på eit klimaseminar ved Norsk Bremuseum 13. mars 2014, og ein forbetra nettversjon vart lansert 1. april 2014. Vi har sytt for fortruleg handtering av personleg informasjon under datainnsamlinga. For å utarbeide ei enkel og kostnadseffektiv undersøking vart Google Survey Tool nytta. Undersøkinga vart designa slik at dei som svarte på ho var anonyme. Identifiserande data, som namn på lærarar eller skular, vart ikkje samla inn eller nytta i rapporten. Det var frivillig for lærarane å ta del i undersøkinga. Ein kort omtale av prosjektet vart sendt via e-post til alle rektorar på førehand. Omtalen vart etterfølgd av ein invitasjon på e-post til alle lærarane i fylket, med lenkje til undersøkinga. Vi samla inn ein non-stratified data sample for å få innsikt i kor vidt lærarane underviste i klimaendringar på tvers av fag. Til sama 60 lærarar fullførte undersøkinga innan tidsfristen. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 2
  • 4. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Resultat og drøfting Nedanfor legg vi fram nøkkelfunn frå kvar av dei fire delane av undersøkinga. Del 1: Bakgrunn Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege respondentar var jamn. 77 prosent av dei som deltok hadde fulltidstillingar. Dei fleste var godt etablerte i læraryrket. 79 prosent hadde jobba som lærarar i meir enn 6 år, og 22 prosent av desse hadde jobba i meir enn 20 år. Kvinne Til saman 58 prosent av respondentane var lærarar i realfag eller naturfag, ein kombinasjon, og/eller fag som matematikk og landbruksfag. Dei resterande 42 prosentane underviste i andre fag – språk, samfunnsfag, geografi, matematikk og religion. Det var òg enkelte svar frå lærarar innan naturbruk, naturbasert produksjon, kroppsøving, landbruksfag, husdyrfag, plantefag, hestefag, trafikkfag, elektro og yrkesfag. Drøfting: Sidan 58 prosent av respondentane var lærarar i anten realfag, naturfag eller ein kombinasjon desse faga, og dei resterande 42 prosentane underviste i andre fag, vart svara frå dei to gruppene presenterte og vurderte separat i del 2 av rapporten og utover. Dette gjer vi for å få meir innsikt i dei potensielt ulike behova desse gruppene vil ha når det gjeld fagleg utvikling og støtte.. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 3 Fig 1 Kjønn Mann Kvinne Mann
  • 5. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del 2: Undervising om klima Figurane nedanfor viser at 77 prosent av lærarane har undervist om klima og at 77 prosent er interesserte i å lære meir om klima. Tabellen nedanfor gir ei meir detaljert oversikt. . Fig 2. Drøfting: Til saman 14 respondentar svara at dei ikkje var interesserte i å lære meir om klima. Av desse 14 underviste 6 i realfag og naturfag. Dei representerer 17 prosent av respondentane innan desse faga. Som vi kjem inn på seinare, er ikkje dette nødvendigvis eit teikn på uvilje mot å undervise om klima i framtida eller eit teikn på negativitet til framtidig profesjonell utvikling. Underviser no Interessert i å lære meir Underviser ikkje no Interessert i å lære meir Underviser no Ikkje interessert i å lære meir Underviser ikkje no Ikkje interessert i å lære meir 64% 13% 10% 13% Naturfag, realfag, samfunnsfag, engelsk, naturbruk, trafikk, geografi, historie Realfag, programfag, engelsk samfunnsfag, helse, yrkesfag elenergi, landbruksfag, Naturfag, realfag, samfunnsfag, engelsk, geografi, norsk, religion Naturfag, realfag, samfunnsfag, historie, automasjon, elektro, språk Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 4 Fig 3. Table 1. Ja Nei Nei Ja Ja Nei Ja Nei 1. Har du undervist om klimaendringar på skulen din? 7. Er du interessert i å læra meir om klimaendringar for fagleg utvikling?
  • 6. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del 2: Undervising om klima – innhald og læreressursar Lærarar vart spurde om kva sider ved klima undervisinga omfatta (S3) og korleis temaet heng saman med visse andre tema (S4). 3. Kva tema dekker du i undervisinga? Merk av aktuelle svar. Fig 3. Fig 3. Drøfting: Resultata viser at undervisinga om klima i fylket er brei både når det gjeld korleis det blir undervist og når det gjeld innhald. Ein lærar supplerte lista over tema med «Transport av varer». Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 5 Fig 5. Fig 6. Tiltak for å tilpasse samfunnet klimaendringar Tiltak for å redusere utslepp av klimagassar Framtidige scenario Usikkerheit Karnonkrinsløpet Global oppvarming Menneskekapte endringar naturlege klimaendringar Andre 18 30% 43 72% 31 52% 31 52% 30 50% 40 67% 45 75% 30 50% 10 17% 4.Tek du opp nokre av følgjande tema i samband med klimaendringar? Merk av aktuelle svar. Global endring Befolkningsvekst Globalisering Bærekraftig utvikling Forureining Krisehendingar Artsutrydding Avskoging Biodiversitet Havnivåauke Havforsuring Artsmigrasjon Other 36 60% 37 62% 27 45% 46 77% 47 78% 20 33% 33 55% 34 57% 20 33% 34 57% 12 20% 10 17% 9 15%
  • 7. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del 2: Undervising om klima – innhald og læreressursar Når lærarane vart spurde kva for informasjonskjelder dei brukar for å undervise om klima (spørsmål 5), var internett mest populært. Deretter kom media generelt og relevante kurshefte. Enkelte trekte også fram ressursar som filmen «Ein ubehageleg sanning» frå 2006 og relevante NRK-program. På spørsmål 8: Kva vil vera nyttigast hjelp for deg i undervising om klimaendringar? kunne respondentane velje meir enn eitt svar og difor tilføre ytterlegare informasjon. Som figuren nedanfor viser, var praktiske øvingar mest populært, etterfølgt av meir midlar til museumsbesøk og seminar om konsekvensar av klimaendringar i Noreg. Åtte av respondentane la til forslag om meir tid til å utvikle læreressursar, tilgang på den nyaste forskinga, stoff om korleis maritime operasjonar kan bli påverka, og ei liste med nyttige fagord/omgrep på relevante språk. 4. Kva vil vera nyttigast hjelp for deg i undervising om klimaendringar? Merk av aktulle svar. Drøfting: Når det gjeld læreressursar som vert nytta, brukte berre 4 prosent av respondentane ressursar og informasjon frå seminar, kurs og konferansar dei hadde delteke på. Dette kan indikere ein mangel på profesjonell støtte og utviklingsprogram, og at lærarar ikkje har tilgang på den nyaste og mest presise informasjonen og ideane om klima og klimaundervising. Dersom lærarane ikkje finn fram til gode informasjonskjelder ved hjelp av det mest nytta verktyet, altså internett, kan det potensielt føre til at dei lærer frå seg ting som er feil. Med tanke på profesjonell utvikling og støtte i klimaundervisinga, som tidlegare nemnt, svara 14 av respondentane nei til framtidig kompetanseheving. Seks av desse underviste ikkje om klima då dei svara på spørjeundersøkinga. Dette kan tolkast som ein uvilje mot å undervise om temaet i framtida og ei negativ haldning til framtidig profesjonell utvikling. Når dei i spørsmål 8 vart spurde om kva som kunne hjelpe dei i å undervise om klima, svara berre tre (ein språk- og sosialfagslærar og to automasjonslærarar) at dei ikkje hadde interesse av å læra meir/undervise om klima. Blant dei 11 siste var det to som hadde behov for å få nok tid og ordlister, ein ønskte å besøke ei utstilling og resten valde fleire svaralternativ. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 6 Fig 7 Eindagsseminar for utvikling av undervisingsplanar og ressursar Seminar om kva klimaendringar er, og kva det har å seie for Noreg Meir informasjon om klimaendringar Meir informasjon om koreis klimaendringar vil påverke Sogn og Fjordane Praktiske øvingar tilknytt læreplanmål Meir midlar til å besøke faglege institusjonar t.d. museum, vitensenter Vandreutstillingar Andre 21 35% 25 42% 19 32% 18 30% 33 55% 26 43% 12 20% 8 13%
  • 8. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del 2: Klimaundervisning – informasjon om klimaendringar I andre del av del II graderte lærarane sin eiga kompetanse med fokus på kunnskap, læring og informasjonskjelder. Vidare vart lærarane spurde kor godt informerte dei sjølve tykte dei var er om klima og kor dei henta mesteparten av informasjonen om klimaendringar frå. Kor godt tykkjer du at du er informert om…? 0 25 50 75 100 Klimaendring Ulike årsaker til klimaendring Dei ulike konsekvensane av klimaendring Kva vi kan gjera for å redusere global oppvarming Korleis vi kan tilpasse oss ulike påverknader av klimaendrin Vidaregåande utdanning Lågare utdanning Høgare utdanning Kollegaer Andre senter for læring Statlege institusjonar/informasjon Miljøorganisasjonar Lokalråd Tidsskrift Film Internett Radio Bøker/magasin Aviser Familie og vener Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 7 Ikkje informert Lit informert Informert Godt informert Veit Ikkje Hovudkjelder for informasjon om klimaendring 0 25 50 75 100 Ingenting Lit Noko Mykje Veit ikkje Fig 8 % Fig 9 %
  • 9. Del 2: Klimaundervisning – informasjon om klimaendringar Undersøkinga tok vidare føre seg i kva grad lærarane har tillit til ulike kjelder til informasjon om klimaendringar. Drøfting: Storparten av lærarane føler at dei er velinformerte om klimaendringar, men kan litt mindre om årsaker og konsekvensar. Når dei vart spord kor godt informert dei var I høve ulike årsaker til klimaendring, meinte 57% at dei var informert og 37% at dei var godt informert. Det var ein liknande fordeling når det gjeld konsekvensar av klimaendring. Men når det gjeld kor godt dei er informert om korleis klimaendring kan reduserast, meinte 36% at dei var lite eller ikkje informert. Når det gjeld klimatilpassing meinte 47% at dei var lite eller ikkje informert Storparten av lærarane skaffar seg kunnskap gjennom internett, aviser og filmar. Internett viser seg å vere den meste brukte informasjonskjelda, men sosiale medium og religiøse institusjonar vart oppfatta som dei minst pålitelege kjeldene til informasjon om klimaendringar. . KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 8 I kva grad har du tillit til følgjande som kjelde til informasjon om klimaendringar? % Vitskapsfolk Fagfellevurderte tidsskrift Vitskaplege konferansar Rapportar frå vitskaplege stiftingar Massemedia Sosiale medium, t.d. Twitter og Facebook FN sitt kilmapanel, IPCC Offentlege myndigheiter Politiske parti Naturvernorganisasjonar Bedrifter eller bedriftsorganisasjonar Religiøse institusjonar Familie og venner 0 25 50 75 100 Mistillit Stoler litt Stoler mykje Tillit Veit ikkje Fig 10
  • 10. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del 2: Undervising om klima - Barrierar for undervisning om klima Vidare tok undersøkinga for seg kor vidt lærarane opplevde å støyte på spesielle hindringar når dei skulle undervise i klimaendringar. Drøfting: Svara viser at det er fire spesifikke områder der meir enn halvparten av respondentane har erfart spesielle hindringar når det gjeld å leggje temaet klimaendringar inn i undervisninga. Den mest statistisk signifikante og også minst overraskande er mangel på tid, etterfølgd av mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar, mangel på kunnskap og mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringane. Barrierane som er presenterte her representerer ikkje ei uttømande liste. For å finne fram til andre barrierar, krevst det ei meir detaljert undersøking. Heldigvis er det få lærarar som føler seg forhindra i å undervise om klimaendringar som følgje av press frå kollegaer eller skuleleiinga. Det er uansett viktig å finne ut meir om situasjonar der lærarar har støtt på vanskar og høyre kva for støtte dei har bruk for. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 9 I kva grad hindrar følgjande deg i å ta klimaendringar inn i undervisinga? % Mangel på tid Mangel på kunnskap Mangel på støtte frå arbeidsplassen Mangel på tilgang til påliteleg vitskapleg informasjon Mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar til bruk i klasseromme Mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringane Undervising om klimaendringar er ikkje prioritert på min skule Mina kollegaer trur ikkje klimaendringane faktisk skjerl Klimaendringar har ikkje direkte relevans for det som blir undervist på skulen 0 25 50 75 100 Inga betydning Noko betydning Betydeleg Svært viktig Veit ikkje Fig 11
  • 11. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del II: Undervising om klima - Kompetanse I andre del av del II graderte lærarane sin eiga kompetanse. Desse resultata tydelege fram når ein skil mellom dei ulike fagdisiplinane. 0 25 50 75 100 0 25 50 75 100 Drøfting: Det er tydeleg at lærarar i realfag og naturfag har større tru på eigen kompetanse når det gjeld undervisning om klimaendringar enn lærarar i andre fag. Sjølv om dette ikkje gir nokon peikepinn om det faglege nivået dei enkelte lærarane held, peikar det på ulikskapar når det gjeld behov for fagleg støtte. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 10 Eigenvurdering av kompetanse: Naturfag og realfaglærarar På å vurdera vitskapleg informasjon om klimaendringar? På å formidle/læra bort vitskapleg informasjon om klimaendringar? På å formidle/læra bort årsakene til klimaendringar? På å formidle/læra bort konsek-vensane av klimaedringar? På å formidle/læra bort om klimatilpassingstiltak? Eigenvurdering av kompetanse: Andre lærarar % % Ikkje kompetent Litt kompetent Kompetent Svært kompetent Veit ikkje Fig 12 På å vurdera vitskapleg informasjon om klimaendringar? På å formidle/læra bort vitskapleg informasjon om klimaendringar? På å formidle/læra bort årsakene til klimaendringar? På å formidle/læra bort konsek-vensane av klimaedringar? På å formidle/læra bort om klimatilpassingstiltak?
  • 12. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del 3: Syn på klimaendringar Denne delen inneheld 30 påstandar som lærarane svara på i ein semantisk differensiert skala. Påstandane dekkjer syn på skuld og ansvar, årsaker og konsekvensar av klimaendringar, klimavitskap og mediedekning. Resultat frå Del 3 av undersøkinga: Meiningar om klima Heilt einig Einig Ueinig Heilt ueinig Veit ikkje Realfag & naturfag lærarar Andre lærarar Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 11 % 0 25 50 75 100 Klimaendringane er uunngåelege på grunn av måten moderne samfunn virkar på Me kan alle gjera vår del for å redusere verknadane av klimaendringane Klimaendringar kjem til å betre veret i noreg Prova på klimaendringane er upålitelege Eg er usikker på om klima-endringane er verkjelege Den vestlege verda burda ta mesteparten av skulda for klimaendringane Kva me gjer i noreg har ikkje noko betydeleg å seie for globale temperaturar Folk er for egoistiske til å gjera noko med klima-endringane Påstandar om at menneskeleg aktivitet endrar klimaet er overdrivne Det er for mykje motstridande bevis om klimaendringane Effektane av klimaendringane blir truleg katastrofale Forureining frå industri er hov-udgrunnen til klimaendringane Det er for tidleg å konkludere om klimaendringar verkjeleg er eit problem i noreg Media er ofte alt for opphaus-ande om slikt som klima-endringar % 100 75! 50! 25! 0
  • 13. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Resultat frå Del 3 av undersøkinga: Meiningar om klima Realfag & naturfag lærarar Andre lærarar Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 0 25 50 75 100 12 Heilt einig Einig Ueinig Heilt ueinig Veit ikkje 100 75! 50! 25! 0 Industrien og bedrifter burde gjera meir for å takla klimaendringane Eg trur ikkje klimaendringar er eit reelt problem Regjeringa gjer ikkje nok for å takle klimaendringane Eg føler eit moralsk ansvar for å gjere noko med klimaendringane Naturen er sterk nok til å takla følgjene av klimaendringane Planter og dyr har same rett til eksistens som menneska Mine livsstilsval medverkar til klimaendringane Menneskeleg aktivitet er ikkje hovudårsaken til global oppvarming Kva eg gjer har ingenting å seie for klimaendringane verken eine eller andre vegen Ekstremveret det siste tiåret viser normal variasjon i klimamønster Den pågåande oppvarminga av jorda skjer mykje fortare enn nokon gong. Menneska kan gjere lite for å redusere global oppvarming Global oppvarming er for alvor-leg til å overlate til politikarar Menneska har 50 år før global oppvarming kjem til å føre til alvorleg skadelege konsekvensar Vitskapsstanden er likt fordelt i synet på om menneskeleg aktiv-itet påverkar klimaendringane Ny teknologi vil vere løysinga på klimaendringane Fig 13
  • 14. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del 3: Drøfting Sjølv om lærarar frå ulike skular og fagdisiplinar har delteke i denne undersøkinga, er dei i stor grad samstemde når det gjeld synet på dei framsette påstandane. I begge gruppene kjem det fram ein viss klimaskepsis (dvs. tvil om at menneska påverkar klimaet gjennom utslepp av klimagassar), men flesteparten uttrykker at dei erkjenner klimaendringane og konsekvensane det kan få. Dei fleste erkjenner også at dei sjølv og andre har ei viss skuld i klimaendringane og eit ansvar for å gjere noko. Det er nokre skilnader på svara frå dei to gruppene. Den første skilnaden er at lærarar i realfag og naturfag gir uttrykk for sterkare meiningar, der fleire anten er heilt einige eller heilt ueinige i påstandane. Den andre skilnaden går ut på at lærarar i dei andre faga oftare svara veit ikkje. Dette viser at lærarar i realfag og naturfag potensielt har eit høgare kunnskapsnivå, men ogsåat dei kjenner seg tryggare på meiningane sine om klimaendringar. Om påstanden Menneska har femti år på seg før global oppvarming kjem til å utgjere ein reell fare for oss svara om lag ein tredjedel av begge gruppene Veit ikkje. På den andre sida var om lag ein tredjedel av begge gruppene samde i påstanden. Dette indikerer at klimaendringane framleis blir sett på som eit framtidig problem og ikkje eit dagsaktuelt problem. Denne oppfatninga kan påverke måten lærarane tek opp temaet klimaendringar i klasserommet. Dei to gruppene skilde tydelegast lag i synet på desse påstandane: Prova på klimaendringane er upålitelege Det er for mykje motstridande bevis om klimaendringane Mindre enn ein åttandedel av lærarane frå realfag og naturfag var einige i desse påstandane. Frå andre fagområde var derimot ein fjerdedel einige i den første påstanden, medan om lag halvparten slutta seg til den andre påstanden. At mange hevdar klimavitskapen ikkje skal vere til å stole på, er eit tilbakevendande problem for dei som arbeider med å formidle kunnskap klimaendringar. Ein årsak til at det er slik, er at media har ein tendens til å leggje lik vekt på argumenta for og mot klimaendringar. Desse resultata viser at lærarane kan ha nytte av vidare fagleg utvikling og støtte for å oppdatere seg på dagens kunnskapsstatus innan klimavitskap, som ikkje gir mykje rom for tvil om at klimaendringane er reelle. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 13
  • 15. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Del IV: Klimakviss Resultata frå klimakvissen viser at lærarar i realfag og naturfag har det høgste kunnskapsnivået når det gjeld klimaendringar, men berre 55 prosent av svara deira var korrekte. Lærarane i andre fag hadde berre 31 prosent rett. Riktige svar Feil / veit ikkje svar Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 14 Klimakviss Real– og naturfaglærarar Andre lærarar 0 8 15 23 30 Q1. Drivehuseffekten er forårsaka av… Q2. Kva drivhusgass er det mest av i atmosfæren? Q3. Kva for fylgjan de klimaendringar har enno IKKJE hendt? Q4. Kva for fylgjande aktivitetar bid-rar mest til globale utslepp av karbondioskid? Q5. Kor mykje energi og ressursar vil trengast dersom alle skulle leve som oss i noreg? Q6. Kva for gass absorberer ikkje energi frå sola? Q7. Kva bidreg mest til havni-våstiging, ved sida av bresmelting? Q8. Klimaendring i noreg er vekstsesongen forventa å bli 1-2 månader lengre i 2100. Kva er forventa å skje med vekstsesongen i høgfjellsområda? Q9. Korleis har den globale opp-varming frå 1998 til 2012 utvikla seg i forhold til gjen- nomsnittet sidan 1951 Q10. Den viktigaste kjelda til energi i jorda sitt klimasystem er? Q11. Kva er den nest største kjelda til menneskeskapt karbondioksid? Q12. Dersom menneska ikkje slepp ut karbondioksid i dag, kva ville skje med den globale temperaturen i morgon? 25 Totalt antall respondentar 35 0 Totalt antall respondentar Fig 14
  • 16. Del 4: Klimakviss - Drøfting Klimakvissen avslørte at sjølv om lærarane har noko kunnskap om klimaendringar, så er det også store manglar. Berre 43 prosent av svara var korrekte når ein ser gruppene under eitt. Halvparten av real- og naturfagslærarane svarte rett på fire spørsmål; S1, S6, S7 og S10. Desse tok for seg definisjonen på klimaendringar, årsaker til havnivåstiging, gassar i atmosfæren og kva som er den viktigaste kjelda til energi i klimasystemet. Dei tre spørsmåla dei færraste kunne svaret på, var S5, S8 og S9. Desse spørsmåla tok for seg kor mykje energi og ressursar vil trengast dersom alle skulle leve som oss i noreg, endring i vektstsesongane på høgare breiddegrader og endringar i kor fort den globale oppvarminga skjer. Blant lærarane i andre fag svarte halvparten korrekt på S1 og S12. Desse spørsmåla handla om rett definisjon av klimaendringar og kva karbonutslepp vil ha å seie for framtidig global temperatur. Spørsmåla som dei færraste av dei svara korrekt på, var S2: kva drivhusgass er det mest av i atmosfæren?, S8 og S9. På spørsmål S9 svara berre 5 prosent av lærarane rett, noko som indikerer at dei var innforstått med funna frå den siste rapporten til FNs klimapanel om at den globale oppvarminga har gått saktare i perioden 1998 til 2012, samanlikna med data frå dei fire føregåande tiåra. Resultata indikerer at det finst enkelte misoppfatningar om klimaendringar. Desse misoppfatningane kan vere farga av lærarane sine eigne meiningar. Til dømes var det berre 55 prosent som svara rett på at energiproduksjon er hovudårsaka til menneskeskapte utslepp av karbondioksid i S4. At Noreg har ein relativt miljøvenleg energiproduksjon med mykje vasskraft, og at kolkraftverk til dømes ikkje er ein del av kulturlandskapet, kan vere ein grunn til at lærarane meiner at utsleppa i større grad er knytt til transport og avskoging. S5 og S8 var formulerte for å gjer kvissen meir relevant for folk i Noreg. Spørsmåla hadde bakgrunn i informasjon frå den statlege nettsida Miljøstatus (www.miljostatus.no). At lærarane ikkje svara korrekt på desse spørsmåla, kan delvis kome av at dei ikkje nyttar seg av 6. Kva av dei følgjande nettstadene brukar du i undervisinga? Merk av aktuelle svar. denne sida. Dette kom fram i del 2 om ressursar brukt i undervisning om klimaendringar. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 15 CICERO Environment.no Miljodirektoratet.no Bjerknessenteret for klimaforskning ndla Naturfag Regjeringen.no Naturfagsenteret.no Klimaloftet Other 9 15% 0 0% 20 33% 9 15% 8 13% 21 35% 6 10% 23 38% 35 58% Fig 15
  • 17. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Hovudfunn Lærarar i den vidaregåande skulen underviser i temaet klimaendringar. 77 prosent av lærarane underviser om klimaendringar, som tidlegare omtalt. 13 prosent av dei spurde, som oppgir at dei per i dag ikkje underviser om klimaendringar, svarar at dei ønskjer å lære meir. Ettersom det var frivillig å delta i denne undersøkinga, kan det tenkast at grunnen til at dei likevel ville delta, var ei personleg interesse for temaet klimaendringar. Det som er heilt sikkert, er at det blir utført undervising i klimaendringar ved skular i Sogn og Fjordane. I tillegg viser resultata at klimaundervisinga er prega av stor breidde både når det gjeld utføring og innhald, sjølv om dette i seg sjølv ikkje gir nokon peikepinn om klimaundervisinga er integrert i pensum eller kva slags moglegheiter som finst for vidare utvikling av klimaundervisinga. Lærarane trur det er ein mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringar. I undersøkinga kjem det fram at lærarane meiner det er ein mangel på vitskapleg sikkerheit og konsensus om klimaendringar. I del 2 av undersøkinga vurderte 52 prosent at denne uvissa er ei hindring i klimaundervisinga. I del 3 kom det fram at fleire lærarar frå ikkje-naturvitskaplege fagfelt trur at klimavitskapen framleis er mangelfull og at det er mangel på samsvar blant forskarane. Undersøkinga går ikkje inn på om dette synet kjem til uttrykk i klasserommet. Bruk av internett. Resultata viser at lærarane finn fram til informasjon om klimaendringar gjennom ein rekke kjelder: bøker, blad, aviser, internett og film. Internett er den mest brukte informasjonskjelda. Lærarane vurderte sosiale medium som Twitter, Facebook og bloggar om dei nest minst pålitelege kjeldene til informasjon, medan religiøse institusjonar vart rekna som dei aller minst pålitelege kjeldene. Det er truleg behov for vidare rettleiing om kor på nettet den mest pålitelege informasjonen om klimaendringar finst. Profesjonell utvikling. Berre fire prosent svara at dei hadde tilgang til læreressursar og informasjon frå seminar, kurs og konferansar. Dette indikerer ikkje berre ein mangel på fagleg støtte og vidareutdanning i undervisning om klimaendringar. Det tydar også på at lærarane kanskje ikkje har tilgang til den nyaste og mest presise informasjonen om klimaendringar, og nye idéar om klimaundervising. Dersom læararane ikkje finn pålitelege informasjonskjelder ved hjelp av det mest nytta verktyet, nemleg internett, kan det potensielt føre til at dei spreier feilinformasjon. Når det gjeld fagleg utvikling og støtte til klimaundervisinga, svarte 14 av lærarane nei til framtidig hjelp. Åtte av desse underviste ikkje i temaet klimaendringar då dei tok del i undersøkinga. Dette kan tolkast som ein uvilje mot å undervise om klimaendringar i framtida og ein potensielt negativ haldning til framtidig fagleg utvikling. Men når deltakarane i S8 vart spurde kva som kan hjelpe dei til å utføre klimaundervising, var det berre tre (ein språk- og sosialfagslærar og to automasjonslærarar) som svara at dei ikkje hadde interesse av å lære meir/undervise om klimaendringar. Blant resten var det to som svara at dei hadde behov for å få nok tid og tilgong til ordlister, ein kunne tenke seg å besøke ei utstilling, medan resten kryssa av for fleire svaralternativ. Dette tydar på at fleire lærarar i regionen er opne for å ta på seg undervising i temaet klimandringar viss dei får ulike typar assistanse. Flesteparten av lærarane vurderte seg sjølve som godt informerte om klimaendringar, medan litt færre meinte dei kunne mykje om årsaker og konsekvensar. Ein tredjedel av lærarane uttrykte likevel mangel på eller avgrensa kunnskap om tiltak som kan redusere utslepp av klimagassar, og nesten halvparten sa det same om tilpassing til klimaendringar. Resultata viser at real- og naturfagslærarar har større tru på eigen kompetanse i klimaundervisinga enn med lærarar i andre fag. Dette gir i seg sjølv ikkje nokon peikepinn på kva slags kunnskap ein lærar har om klimaendringar, men det tydar på at lærarane har bruk for ulike typar fagleg støtte. Klimakvissen avslørte at sjølv om lærarane har noko kunnskap om klimaendringar, så har dei også store hol i kunnskapen sin. Berre 43 prosent av svara var rette svar når ein ser dei to faggruppene under eitt. Dette understrekar nok ein gong at lærarane har behov for fagleg hjelp og støtte. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 16
  • 18. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Tilrådingar – Seminar i klimakunnskap og praktiske workshopar Målet med denne undersøkinga var å finne ut om det blir undervist i klimaendringar ved vidaregåande skular i Sogn og Fjordane og korleis ein på best mogeleg vis kan tilby lærarane hjelp og støtte til klimaundervisinga. Resultata viser at 77 prosent underviser om klimaendringar. Av desse er 64 prosent interesserte i å lære meir. Ytterlegare 13 prosent, som i dag ikkje underviser om klimaendringar, er også interesserte i å lære meir. Lærarar utfører med andre ord klimaundervising i den vidaregåande skulen og dei er opne for vidare fagleg utvikling innan klimalære. Berre 4 prosent hadde tilgong til læreressursar og informasjon frå seminar, kurs og konferansar. At 76 prosent seier dei ønskjer å lære meir, kan kome av at dei ikkje har hatt høve til ådelta på slike arenaer. Desse funna tydar også på at mange lærarar ikkje har hatt høve til å byggje nettverk, diskutere undervisning i klimaendringar eller samarbeide med andre lærarar om å utvikle klimaundervisinga si. Praktiske øvingar og workshopar:Det er svært viktig at eit eventuelt framtidig opplegg for fagleg utvikling blir relevant og nyttig for lærarane. Resultata frå undersøkinga viser at 55 prosent av lærarane som svarte ønskjer tilgong til praktiske øvingar knytte til pensum. Vidare ønskjer 35 prosent praktiske workshopar der målet er å utvikle opplegg til bruk i klasserommet. Både øvingar og workshopar gjer det mogeleg for lærarane å dele idear og døme på god undervisning. Dette vil vere spesielt nyttig når det gjeld fag eller fagområde der relevansen av klimaundervising ikkje er heilt openberr og/eller der det manglar døme på korleis ein kan integrere temaet klimaendringar i pensum. Slik kursing kan også spare lærarane for tidkrevjande planlegging. Det er naudsynt å drøfte temaet meir med lærarar for å sikre seg at læreressursar og workshopar blir godt tilpassa behova deira. Seminar i klimakunnskap: Sjølv om lærarane i begge gruppene har noko kunnskap om klimaendringar (lærarane i real- og naturfag svara i snitt rett på fleire spørsmål enn lærarar i andre fag), var berre 43 prosent av svara rette. Storparten av lærarane har ikkje oversikt over dei nyaste funna i den siste rapporten til FNs klimapanel, noko som kjem fram i S8. Av S2 kjem det fram at det er misoppfatningar om drivhusgassar, og av S9 kjem det fram at lærarane ikkje er klar over følgjene av klimaendringar her i Noreg. Lærarar har truleg ulike kunnskapsbehov når det gjeld å integrere klimaundervising i elevane sitt pensum, men det er uansett viktig at dei har ei solid grunnforståing av klimarelaterte tema. Seminar om klimaundervising bør difor ikkje berre ha som mål å gjere lærarane kjende med årsaker, prosessar og konsekvensar av klimaendringar i Noreg. Dei bør også kunne vise fram gode døme på undervisning om temaet gjennom ulike metodar, øvingar og ressursar. Norsk Bremuseum si rolle: Norsk Bremuseum har ei sentral geografisk plassering i fylket og lokale som eignar seg til å halde workshopar. Kursing kan dessutan kombinerast med besøk på museet. Sidan museet allereie har vore med på å arrangere eit seminar om klimaundervising, har ein teke eit steg vidare mot å utvikle eit format for framtidige kurs retta mot lærarar. Sidan ein del lærarar truleg ikkje kan delta på slike workshops, bør materiale som presentasjonar og læreressursar gjerast tilgjengelege for nedlasting. All kursing for å heve nivået på klimakunnskapen bør også innehalde lister med læreressursar der det finst oppdatert, påliteleg og kulturelt relevant informasjon. Norsk Bremuseum si heimeside kan fungere som kunnskapsbanken der lærarane finn det relevante materialet om klima. Desse to initiativa er eit tilrådd første steg mot å heve kunnskapen og auke forståinga om klimaendringar blant lærarar, mot å integrere lokalt kunnskapsinnhald om klimaendringar i pensumet og mot å få fram kritisk tenking om klimaendring. Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 17
  • 19. KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Konklusjonar og vidare undersøkingar Sjølv om resultata frå denne undersøkinga viser at det blir undervist i klimaendringar ved vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, er dette ei frivillig og anonym undersøking. Difor kjem det ikkje fram om klimaundervising blir utført ved alle skulane eller berre nokre av dei. Resultata viser også at klimaundervisinga har stor breidde, både når det gjeld korleis det blir undervist og med tanke på innhald. Vidare undersøkingar må til for å finne ut kva som er tilgjengeleg av lokale og kulturelt relevante aktivitetar og kva som eventuelt blir brukt for å formidle klimakunnskap ved skulane i Sogn og Fjordane. Fleire kvalitative studiar må gjerast dersom ein vil finne døme på den gode klimaundervisinga, slik som å invitere eksterne føredragshaldarar (til dømes klimaforskarar) for å utvide undervisninga, og å gjere jakta på klimaløysingar til ein del av elevane sitt pensum. Det må ytterlegare studiar til dersom ein vil finne ut kva som er dei beste formene for deling av gode undervisningsmåtar og for å sikre at elevar over heile fylket får undervisning som held det same nivået. Som forventa er behovet for framtidig kursing og profesjonell støtte ulikt frå lærar til lærar og innan dei ulike faga. Undervisning i klimaendringar er ikkje obligatorisk i dag, og viss skulane underviser om dette temaet, er det fordi lærarane har bestemt seg for å gjere det ut frå tilgjengeleg tid, læreressursar og behovet for det i høve til pensum. Sjølv om ho er enkel, har denne undersøkinga gjeve ei viss innsikt i kva for fagleg hjelp og støtte som kan vere mest nyttig for lærarane. Basert på tilbakemeldingane er det fire ulike område der meir enn halvparten av lærarane ser hindringar av nokon betyding for å undervise om klimaendringar. Den mest statistisk signifikante og også minst overraskande er mangel på tid. Deretter kjem mangel på tilgang til eigna visuelle ressursar, mangel på kunnskap og mangel på vitskapleg sikkerheit om klimaendringane. Desse barrierane representerer ikkje ei uttømmande liste. Meir detaljerte undersøkingar må til for å finne ut om lærarane møter på andre hindringar i klimaundervisinga. Heldigvis er det få lærarar som føler seg forhindra i å undervise om klimaendringar som følgje av press frå kollegaer eller frå skulen. Det er uansett viktig å finne ut meir om lærarar som har støytt på vanskar og slå fast kva slags hjelp og støtte dei treng i framtida Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 18
  • 20. Bibliografi KLIMALÆRE: Klimaundervising i Sogn og Fjordane Coyle, Kevin. Environmental Literacy in America: What Ten Years of NEETF/Roper Research and Related Studies Say about Environmental Literacy in the U.S. Washington, D.C.: NEETF, 2005. Web. 1 Feb. 2014 http://www.neefusa.org/pdf/ ELR2005.pdf IPCC, 2014: Summary for policymakers. In: Climate Change 2014: Impacts, Adaptation, and Vulnerability. Part A: Global and Sectoral Aspects. Contribution of Working Group II to the Fifth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change [Field, C.B., V.R. Barros, D.J. Dokken, K.J. Mach, M.D. Mastrandrea, T.E. Bilir, M. Chatterjee, K.L. Ebi, Y.O. Estrada, R.C. Genova, B. Girma, E.S. Kissel, A.N. Levy, S. MacCracken, P.R. Mastrandrea, and L.L. White (eds.)]. Cambridge University Press, Cambridge, United Kingdom and New York, NY, USA, pp. 1-32. IPCC, 2007: Summary for Policymakers. In: Climate Change 2007: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Fourth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change [Solomon, S., D. Qin, M. Manning, Z. Chen, M. Marquis, K.B. Averyt, M.Tignor and H.L. Miller (eds.)]. Cambridge University Press, Cambridge, United Kingdom and New York, NY, USA. Mermer, Thad. "Climate Change Education for Sustainable Development." Climate Change Education for Sustainable Development. UNESCO, 1 Nov. 2010. Web. 1 Feb. 2014. http://unesdoc.unesco.org/images/0019/001901/190101E.pdf NOAA. "CLimate Literacy The Essential Principles of Climate Sciences A Guide for Individuals and Communities." U.S. Global Change Research Program / Climate Change Science Program, 1 Mar. 2009. Web. 1 Feb. 2014. http:// oceanservice.noaa.gov/education/literacy/climate_literacy.pdf Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe Senter for Klimaviten 19