Det normative kulturomgrepet Ei normativ kulturforståing (norm = regel, målestokk) føreset at det finst ein felles målestokk for eksempel for kunstnarisk kvalitet og menneskeleg vekst. For at vi skal kunne tale om god og dårleg kultur, finkultur og ukultur, må vi ha eit felles verdimål. Før i tida var det gjerne den kulturelle eliten som sette normene for kva som var bra og «danna». Opera og klassisk musikk var for eksempel sett på som finkultur mens jazz og popmusikk var ukultur. Det beskrivande kulturomgrepet Ei beskrivande kulturforståing nøyer seg med å beskrive ulike menneskelege aktivitetar eller livsformer. Poenget er at ein ikkje skal felle nokon dom over kulturelle aktivitetar, men beskrive mest mogeleg fordomsfritt alt som menneske har fått i stand og halde ved like for å kunne kommunisere med kvarandre anten det er godt eller dårleg, og anten ein likar det eller ikkje. Kulturar er ikkje lukka, einsarta (homogene) einingar. Kulturane kan ikkje avgrensast til ein geografisk stad. Kultur er ikkje noko ein har, men noko ein gjer. Kultur er noko som blir skapt mellom menneske når dei kommuniserer med kvarandre. Derfor er han alltid i forandring. Kulturar er arenaer der konkurrerande oppfatningar møtest og stridest. Menneska sine handlingar og oppførsel kan ein ikkje føreseie nøyaktig. Ein må undersøkje konkret kva element menneska gjer gjeldande i ein gitt situasjon.