Unlocking the Power of ChatGPT and AI in Testing - A Real-World Look, present...
Øvingsoppgåve i å skrive henvisningar til kjelder
1. Øvingsoppgåve i å skrive henvisningar til kjelder
Menneske som er opptekne av amerikanske superhelt-teikneseriar kjøper
ikkje teikneseriar fordi dei nødvendigvis likar historiane og teikningane, men
fordi dei kjenner lojalitet med figurane i teikneseriane ( ).
Ein figur som Supermann, stammar frå heilt attende til 1939, men er likevel
populær hjå moderne teikneserielesarar. Det kan vi takke Hollywood for,
som let publikum bestemme korleis Supermann og dei andre superheltane
skal oppføre seg på film, noko som påverkar korleis superheltane utviklar
seg i teikneserien ( ). Eit anna døme på publikums
påverknad er «trekkies», fansen til TV-serien Star Trek frå 60-talet. Dei
greidde å få episodar sendt i reprise og bidro til at serien utvikla seg til nye
sesongar og filmar ( ). Den siste Star Trek-serien
vart ikkje akkurat nokon suksess, for: «Enterprise har de laveste seertallene
for en Star Trek-serie noensinne, en nedadgående trend siden avslutningen
av The next generation» ( ). Men trass i dette er
interessa for superheltar og science fiction stor i dag, og ein merkar ein viss
auka interesse att for denne genren etter den lengre perioden vi har hatt
med fantasy og vampyrar innan både film, teikneseriar og bøker.
1. Aksel Kielland: «Forventningenes anatomi». side 26.
2. Molly Roland, Ron Boyd, Mick Jackson, Jimmy Hanson. “Hollywood
Kryptonite”, side 45-55.
3. og 4. “Star Trek”. Wikipedia.