SlideShare une entreprise Scribd logo
1  sur  17
UTFORDRANDE SITUASJONAR I YRKET
Eksempeloppgåver og refleksjonsoppgåver
Kommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon med barn
Morten blei innkalla til tannklinikken da han var 3
år og 4 år, men begge gongene var han motvillig
og taus, og det var ikkje mogeleg å få tatt noka
undersøking. Foreldra har sagt at det har sett
greitt ut, og at dei passar på å pusse tennene
hans, og derfor har Morten fått gå heim att utan
at tennene er blitt undersøkte.
No er han 5 år og framleis ikkje villig til å bli
undersøkt. Både foreldre og tannhelsetenesta
ønsker no å få gjennomført ei undersøking. Etter å
ha snakka med Morten om kva som skal skje, og
kvifor det er viktig å undersøke tennene og
munnhola, blir det bestemt at Morten skal få ein
ny time der undersøkinga blir gjennomført.
Foreldra skal førebu Morten i mellomtida.
Kommunikasjon med barn forts.
Neste time kjem Morten og foreldra igjen, men
Morten er like motvillig og vil ikkje gape opp og
vise tennene. Det blir snakka både hyggeleg og
strengt, trua med null skjermtid som straff viss
han ikkje gaper, og påskjøning viss han er flink.
Ingen ting nyttar. Morten er like lite
samarbeidsvillig. Tannlegen og foreldra diskuterer
seg imellom korleis dei skal gå vidare fram, mens
Morten sit stille i stolen og høyrer på.
Korleis ville du gått fram i ein slik situasjon?
Korleis få Morten til å gape opp og la seg
undersøke? Korleis bør eit slikt møte med
tannklinikken gå føre seg, og korleis ville du
kommunisere? Set opp ein plan med punkt du
meiner er viktige for at Morten skal vere villig til
å la seg undersøke.
Kommunikasjon med barn
Lars er 4 år og har vondt i ei tann. Han sit på venterommet
på tannklinikken saman med mor si. Han skal først ta eit
røntgenbilde og blir ropt opp. Lars nektar og begynner å
gråte. Tannhelsesekretæren har snakka til han og prøvd å få
han til å kome inn på røntgenrommet, men til inga nytte.
Han er lite villig. Han blir også sint når tannhelsesekretæren
litt klønete prøver å overtale han til å ta med ei leike. Lars er
utrygg og vil ikkje bli med tannhelsesekretæren. «Det gjer så
vondt», hulkar han. «Kva om det gjer vondt?» «Eg vil til
pappa.» Tannhelsesekretæren er lei, og det er andre
pasientar som ventar. Ho ber deg om å overta. Du får
informasjon om at foreldra til Lars nyleg har skilt lag.
Reflekter rundt kva for kommunikasjonsutfordringar du
står overfor her. Korleis skal du kunne etablere ein god
relasjon, som også vil kunne vere motiverande for Lars?
Kva er omsorgssvikt?
Definisjonen på omsorgssvikt er:
«Med omsorgssvikt forstår vi at
foreldre eller dei som har omsorga
for barnet, påfører det fysisk eller
psykisk skade eller forsømmer det så
alvorleg at den fysiske eller psykiske
helsa og utviklinga til barnet er i
fare.»
Kempe 1979; Killén 2004;
Lundén 2004
Korleis kan vi i tannhelsetenesta
oppdage omsorgssvikt? Kva for teikn
skal vi vere oppmerksame på? Søk
opp heimesider som tar opp
omsorgssvikt, og reflekter over
korleis tannhelsepersonell kan fange
opp teikna på omsorgssvikt.
Varsle barnevernet
Emma er 6 år, og du har ved fleire høve, både i
jobbsamanheng og privat, hatt opplevingar som
gjer at du er bekymra for henne. Du opplever at
foreldra ikkje er dei omsorgspersonane dei skal
vere, og at Emma stadig blir overlaten til seg sjølv
fordi foreldra er svært travle. Tannhelsa hennar og
at foreldra viser manglande engasjement, gjer
bekymringa di større.
Du ønsker å sende ei bekymringsmelding til
barnevernet, og diskutere dette med dei andre på
klinikken.
Tannpleiaren som har hatt ansvaret for Emma, set
seg imot dette fordi ho er omgangsvenn med
foreldra og meiner ho har god nok kommunikasjon
med dei og kontroll over situasjonen.
Kva vil du gjere i dette tilfellet?
Kommunikasjon med redde ellerinneslutta pasientar
Karianne har fått beskjed om at ho skal ekstrahere to
tenner i samband med kjeveortopedisk behandling. Ho
har aldri før måtta ha noka form for behandling hos
tannlegen. Derfor er ho heilt utan erfaringsbakgrunn.
Tannklinikken har fått beskjed av kjeveortopeden om
behandlinga, og klinikken innkallar Karianne.
Karianne har alltid vore ei blid og morosam jente som
tannhelsepersonellet har hatt god kommunikasjon
med, så da ho kjem til timen for ekstraksjon, blir ho
raskt henta inn frå venterommet og sett i stolen, mens
tannlegen er klar til å sette anestesi. Da skjer det seg.
Karianne vil ikkje gape, og ho begynner å gråte. Ho får
beskjed om å slutte å tulle. Dette er ikkje noko å grue
seg for, så ho blir beden om å gape opp så behandlinga
kan gjennomførast.
Kvifor trur du dette besøket hos tannlegen skar seg?
Ville du gjort noko annleis i denne situasjonen, og i
tilfelle: Kva ville du gjort?
Kommunikasjon med pasientar med demens
Når vi skal kommunisere med pasientar med demens,
er det mange faktorar vi må ta omsyn til. Dei vil etter
kvart få problem med å kommunisere fordi dei vil slite
med å finne dei rette orda og forstå meininga med
ord og setningar. Dei kan også bli aggressive, noko
som blant anna er eit uttrykk for usikkerheit og
utryggleik.
Når du skal snakke med ein dement person, kan desse
råda vere gode å ha som bakteppe:
• Bruk namnet ofte og stå/sit ansikt til ansikt på same
nivå og sjå på pasienten når du snakkar.
• Snakk sakte og tydeleg og bruk korte, enkle, klare
og konsise ord og bekreftande setningar i staden for
spørsmål. Snakk om éin ting om gongen og ver så
konkret som mogeleg. Viss pasienten ikkje finn det
rette ordet, prøv å få pasienten til å beskrive kva
han eller ho meiner, kjenner eller opplever. Foreslå
gjerne eit ord, men ikkje avbryt for mange gonger,
da det kan føre til at pasienten gir opp å prøve sjølv.
Kommunikasjon med pasientar med demens forts.
• Det er viktig å sette av god tid til desse
pasientane. Lukk døra til kontoret slik at
pasienten ikkje blir distrahert av det som går føre
seg utanfor.
• Vis ekte interesse og ver imøtekomande med eit
smil, ei berøring eller ein gest. Det kan verke vel
så godt som ein beskjed.
• Å halde personen i handa mens du snakkar, kan
verke roande og auke konsentrasjonen. Det er
ofte meir effektivt å avleie enn å rette på.
På bakgrunn av råda over skal du skrive ned ein
tenkt situasjon og kommunikasjon med ein
dement pasient. Beskriv korleis du vil hente
pasienten inn frå venterommet, og få pasienten
plassert i behandlingsstolen og klar til behandling.
Takle aggressive personar
Du er aleine på tannklinikken mens tannlegen er på
sjukeheimsbesøk. Da dukkar Olav opp. Han er cirka 25 år og har
vakna med tannverk. Han framstår som rusa, men forklarer
greitt problemet sitt. Du informerer han om at han må vente til
tannlegen kjem tilbake, og seier at han kan vente på
venterommet eller kome igjen seinare på dagen.
Olav vel å vente på venterommet, men da det nærmar seg tida
da tannlegen skulle vere tilbake, ringer han og seier at han blir
forseinka på grunn av komplikasjonar i ei behandling på
sjukeheimen. Du informerer om at ventetida blir lengre, noko
som fører til aggressiv åtferd og verbale truslar. Venterommet
er tomt, og du er aleine på klinikken med pasienten.
Takle aggressive personer forts.
Når vi står overfor aggressiv eller truande åtferd, føler vi ofte frykt,
angst eller sinne, og når vi er i den situasjonen, blir evna til å tenke
klart og konstruktivt på problemløysing redusert. Greier vi ikkje å få
kontroll over oss sjølve, kan dette føre til auka konfliktnivå og auka
risiko for meir aggresjon frå pasienten. Derfor er det viktig å få
situasjonen under kontroll. For å finne fredelege løysingar må ein
som hjelpar vere bevisst måten ein uttrykker seg på. Opptre roleg
og beherska og prøv å finne ut kvifor pasienten blei så sint. Ver
bevisst på kva du seier, og korleis dette kan oppfattast av den
andre. Ver ein aktiv lyttar, ver empatisk, og prøv å tenke på ditt eige
kroppsspråk og ansiktsuttrykk og din eigen stemmebruk.
Reflekter over korleis du ville ha opptredd i ein slik situasjon.
Korleis ville du prøvd å forklare situasjonen, og kva for løysingar
kunne du ha foreslått overfor pasienten slik at han roa seg og
godtok å vente litt til?
Kva om du ikkje fekk kontroll over situasjonen og roa ned
pasienten, og han berre blei meir truande. Kva ville du gjort da?
Etiske dilemma: Teieplikt
Du er på jobb, og det ringer på døra. Du opnar, og
utanfor står mormora til Hanne. På venterommet sit
det fleire pasientar som ventar på å få kome inn.
Hanne er 14 år, og mormor vil vite om Hanne møter til
tannlegetimane, og om ho har mykje ubehandla
karies. Ho spør deg også om Hanne er nøye med
tannreinhaldet, og fortel at ho er bekymra, sidan det
for tida er problem med Hanne, og at ho er veldig i
opposisjon. De blir ståande i døra, og du svarer så godt
du kan på spørsmåla til mormor.
Reflekter over denne situasjonen i lys av teieplikta.
Kva er rett, og kva er gale? Tenk gjennom desse
problemstillingane:
• Har mormor rett til å få svar på spørsmåla sine?
• Handlar du rett når du svarer henne?
• Korleis er den fysiske situasjonen rundt denne
samtalen?
Etisk dilemma: Sosiale medium
Klinikken du arbeider på, vil gjerne ha eiga nettside, der de
skal profilere den nyoppussa og moderne tannklinikken og
opplyse om behandlingstilboda og kven som jobbar der.
Sidan du er ein dyktig hobbyfotograf, blir du beden om å ta
bilde til bruk på heimesida. Fotografia som blir brukte, er av
venterommet med pasientar, behandlingsrom med tilsette
og pasientar, og bilde av dei forskjellige romma med
utsmykking de er stolte av. Du tar også bilde av alle tilsette,
som blir lagde ut på heimesida.
Har du og leiinga reflektert over kva for bilde som kan
leggast ut? Korleis har de takla personvernet? Skriv ned
korleis personvernet er tatt vare på i denne situasjonen, og
eventuelle brot på personvernet.
Etisk dilemma: Sosiale medium
Ein pasient frå arbeidsplassen din legg ut den negative
opplevinga si hos tannlegen du jobbar med, på
Facebook. Det er fleire som kjem med kritiske
synspunkt, og du blir provosert og blir riven med i
debatten som oppstår, og kjem med ytringar om at
situasjonen pasienten beskriv, ikkje var slik, og at du
meiner pasienten fekk god behandling og blei
behandla respektfullt.
Reflekter over om det er greitt å delta i slike
diskusjonar på sosiale medium. Korleis bør du som
helsepersonell opptre i sosiale medium? Bør du vere
ven med pasientar på sosiale medium? Har
helsemyndigheitene synspunkt på dette?
Konflikthandtering i arbeidet og i teamet
Som tannhelsesekretær jobbar du i eit team som består av deg og
tannlegen. De skal samarbeide om blant anna innkallingsrutinar,
assistering, inntening, hygiene og innkjøp. De kjem stadig vekk i
situasjonar der tannlegen meiner du ikkje gjer arbeidsoppgåvene
dine, og du meiner det same om tannlegen. Du får tilsnakk og får
ubehagelege hint både verbalt og gjennom kroppsspråk om at
tannlegen er misfornøgd med deg. Du er i utgangspunktet like lite
fornøgd med tannlegen som han er med deg, men prøver å seie
minst mogeleg for å bevare «freden».
Ein dag etter at de er ferdige med dagens pasientar, sprekk det for
deg, og ut fossar alt du har bore og tenkt på, og situasjonen blir
svært amper. De går heim frå arbeidet utan å seie ha det til
kvarandre.
Reflekter over korleis du kunne ha forhindra denne situasjonen,
og korleis du vil gå fram for å rydde opp i samarbeidsproblema.
Kva bør gjerast for at de i framtida får eit godt arbeidsmiljø?
Viss du etter ei slik erfaring hadde slutta hos denne tannlegen og
fått deg nytt arbeid, ville du ha gjort noko annleis frå starten av i
det nye arbeidsforholdet?
Samarbeidmed tannlegensom arbeidsgivarog kollega
Du jobbar på ein einmannsklinikk der tannlegen både er
arbeidsgivaren din, sjefen din og kollegaen din. Tannlegen utviser
også stor autoritet på grunn av profesjonen sin.
De bur på ein liten stad, og de er omgangsvenner privat.
På jobben er det travelt, og på slutten av lunsjpausane tar ofte
tannlegen opp ting han synest fungerer dårleg, og som han vil at
du skal endre på. Det er aldri tid til å snakke om det han tar opp,
for neste pasient sit som regel og ventar på venterommet, slik at
du sjeldan får tid til å kome med dine synspunkt. Du synest også
det er vanskeleg å ta opp spørsmål om fordeling av
arbeidsoppgåver og forventningar til jobbutvikling og overføring
av ansvar til deg, fordi du er redd for at han vil oppfatte det
negativt, og du er redd det vil gå ut over vennskapen de har
utanfor arbeidsplassen.
Du har vore med på medarbeidarsamtalar i eit tidlegare
arbeidsforhold og ønsker at de kunne begynt å gjennomføre det.
Korleis vil du gå fram for å få ein medarbeidarsamtale, og korleis
og når skal han gå føre seg? Set opp ein del spørsmål,
arbeidsområde og arbeidssituasjonar du synest det er naturleg
at de diskuterer i ein slik samtale. Er det noko som det ikkje bør
snakkast om i samtalen, sett i lys av tilsettings- og
omgangsvennforholdet ditt til tannlegen?
Kommunikasjon med personar med psykisk
utviklingshemming
Personar med psykisk utviklingshemming er
ei stor og samansett gruppe som har heilt
forskjellige behov. Vi må ta omsyn til dette i
måten vi kommuniserer med kvar enkelt på.
TAKO-senteret ved Lovisenberg Diakonale
Sjukehus har utarbeidd eit e-
læringsprogram om utviklingshemming og
oral helse, der kommunikasjon er ein stor
del av kurset. For å heve din eigen
kompetanse på dette området anbefaler vi
at du går gjennom dette kurset.
http://helsekompetanse.no/kurs/utviklings
hemning-og-oral-helse

Contenu connexe

Plus de vettviten

Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nynHygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nynvettviten
 
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nynArbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nynvettviten
 
Smittevern nyn
Smittevern nynSmittevern nyn
Smittevern nynvettviten
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nynOversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nynvettviten
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2vettviten
 

Plus de vettviten (7)

Indeks nyn
Indeks nynIndeks nyn
Indeks nyn
 
Indeks
IndeksIndeks
Indeks
 
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nynHygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
Hygiene og vedlikehold av instrumenter og utstyr på del 2 nyn
 
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nynArbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
Arbeidsgang til krone bropreparering del2 nyn
 
Smittevern nyn
Smittevern nynSmittevern nyn
Smittevern nyn
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nynOversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling nyn
 
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
Oversikt over faser i kjeveortopedisk behandling del 2
 

Kommunikasjon og samhandling nyn

  • 1. UTFORDRANDE SITUASJONAR I YRKET Eksempeloppgåver og refleksjonsoppgåver Kommunikasjon og samhandling
  • 2. Kommunikasjon med barn Morten blei innkalla til tannklinikken da han var 3 år og 4 år, men begge gongene var han motvillig og taus, og det var ikkje mogeleg å få tatt noka undersøking. Foreldra har sagt at det har sett greitt ut, og at dei passar på å pusse tennene hans, og derfor har Morten fått gå heim att utan at tennene er blitt undersøkte. No er han 5 år og framleis ikkje villig til å bli undersøkt. Både foreldre og tannhelsetenesta ønsker no å få gjennomført ei undersøking. Etter å ha snakka med Morten om kva som skal skje, og kvifor det er viktig å undersøke tennene og munnhola, blir det bestemt at Morten skal få ein ny time der undersøkinga blir gjennomført. Foreldra skal førebu Morten i mellomtida.
  • 3. Kommunikasjon med barn forts. Neste time kjem Morten og foreldra igjen, men Morten er like motvillig og vil ikkje gape opp og vise tennene. Det blir snakka både hyggeleg og strengt, trua med null skjermtid som straff viss han ikkje gaper, og påskjøning viss han er flink. Ingen ting nyttar. Morten er like lite samarbeidsvillig. Tannlegen og foreldra diskuterer seg imellom korleis dei skal gå vidare fram, mens Morten sit stille i stolen og høyrer på. Korleis ville du gått fram i ein slik situasjon? Korleis få Morten til å gape opp og la seg undersøke? Korleis bør eit slikt møte med tannklinikken gå føre seg, og korleis ville du kommunisere? Set opp ein plan med punkt du meiner er viktige for at Morten skal vere villig til å la seg undersøke.
  • 4. Kommunikasjon med barn Lars er 4 år og har vondt i ei tann. Han sit på venterommet på tannklinikken saman med mor si. Han skal først ta eit røntgenbilde og blir ropt opp. Lars nektar og begynner å gråte. Tannhelsesekretæren har snakka til han og prøvd å få han til å kome inn på røntgenrommet, men til inga nytte. Han er lite villig. Han blir også sint når tannhelsesekretæren litt klønete prøver å overtale han til å ta med ei leike. Lars er utrygg og vil ikkje bli med tannhelsesekretæren. «Det gjer så vondt», hulkar han. «Kva om det gjer vondt?» «Eg vil til pappa.» Tannhelsesekretæren er lei, og det er andre pasientar som ventar. Ho ber deg om å overta. Du får informasjon om at foreldra til Lars nyleg har skilt lag. Reflekter rundt kva for kommunikasjonsutfordringar du står overfor her. Korleis skal du kunne etablere ein god relasjon, som også vil kunne vere motiverande for Lars?
  • 5. Kva er omsorgssvikt? Definisjonen på omsorgssvikt er: «Med omsorgssvikt forstår vi at foreldre eller dei som har omsorga for barnet, påfører det fysisk eller psykisk skade eller forsømmer det så alvorleg at den fysiske eller psykiske helsa og utviklinga til barnet er i fare.» Kempe 1979; Killén 2004; Lundén 2004 Korleis kan vi i tannhelsetenesta oppdage omsorgssvikt? Kva for teikn skal vi vere oppmerksame på? Søk opp heimesider som tar opp omsorgssvikt, og reflekter over korleis tannhelsepersonell kan fange opp teikna på omsorgssvikt.
  • 6. Varsle barnevernet Emma er 6 år, og du har ved fleire høve, både i jobbsamanheng og privat, hatt opplevingar som gjer at du er bekymra for henne. Du opplever at foreldra ikkje er dei omsorgspersonane dei skal vere, og at Emma stadig blir overlaten til seg sjølv fordi foreldra er svært travle. Tannhelsa hennar og at foreldra viser manglande engasjement, gjer bekymringa di større. Du ønsker å sende ei bekymringsmelding til barnevernet, og diskutere dette med dei andre på klinikken. Tannpleiaren som har hatt ansvaret for Emma, set seg imot dette fordi ho er omgangsvenn med foreldra og meiner ho har god nok kommunikasjon med dei og kontroll over situasjonen. Kva vil du gjere i dette tilfellet?
  • 7. Kommunikasjon med redde ellerinneslutta pasientar Karianne har fått beskjed om at ho skal ekstrahere to tenner i samband med kjeveortopedisk behandling. Ho har aldri før måtta ha noka form for behandling hos tannlegen. Derfor er ho heilt utan erfaringsbakgrunn. Tannklinikken har fått beskjed av kjeveortopeden om behandlinga, og klinikken innkallar Karianne. Karianne har alltid vore ei blid og morosam jente som tannhelsepersonellet har hatt god kommunikasjon med, så da ho kjem til timen for ekstraksjon, blir ho raskt henta inn frå venterommet og sett i stolen, mens tannlegen er klar til å sette anestesi. Da skjer det seg. Karianne vil ikkje gape, og ho begynner å gråte. Ho får beskjed om å slutte å tulle. Dette er ikkje noko å grue seg for, så ho blir beden om å gape opp så behandlinga kan gjennomførast. Kvifor trur du dette besøket hos tannlegen skar seg? Ville du gjort noko annleis i denne situasjonen, og i tilfelle: Kva ville du gjort?
  • 8. Kommunikasjon med pasientar med demens Når vi skal kommunisere med pasientar med demens, er det mange faktorar vi må ta omsyn til. Dei vil etter kvart få problem med å kommunisere fordi dei vil slite med å finne dei rette orda og forstå meininga med ord og setningar. Dei kan også bli aggressive, noko som blant anna er eit uttrykk for usikkerheit og utryggleik. Når du skal snakke med ein dement person, kan desse råda vere gode å ha som bakteppe: • Bruk namnet ofte og stå/sit ansikt til ansikt på same nivå og sjå på pasienten når du snakkar. • Snakk sakte og tydeleg og bruk korte, enkle, klare og konsise ord og bekreftande setningar i staden for spørsmål. Snakk om éin ting om gongen og ver så konkret som mogeleg. Viss pasienten ikkje finn det rette ordet, prøv å få pasienten til å beskrive kva han eller ho meiner, kjenner eller opplever. Foreslå gjerne eit ord, men ikkje avbryt for mange gonger, da det kan føre til at pasienten gir opp å prøve sjølv.
  • 9. Kommunikasjon med pasientar med demens forts. • Det er viktig å sette av god tid til desse pasientane. Lukk døra til kontoret slik at pasienten ikkje blir distrahert av det som går føre seg utanfor. • Vis ekte interesse og ver imøtekomande med eit smil, ei berøring eller ein gest. Det kan verke vel så godt som ein beskjed. • Å halde personen i handa mens du snakkar, kan verke roande og auke konsentrasjonen. Det er ofte meir effektivt å avleie enn å rette på. På bakgrunn av råda over skal du skrive ned ein tenkt situasjon og kommunikasjon med ein dement pasient. Beskriv korleis du vil hente pasienten inn frå venterommet, og få pasienten plassert i behandlingsstolen og klar til behandling.
  • 10. Takle aggressive personar Du er aleine på tannklinikken mens tannlegen er på sjukeheimsbesøk. Da dukkar Olav opp. Han er cirka 25 år og har vakna med tannverk. Han framstår som rusa, men forklarer greitt problemet sitt. Du informerer han om at han må vente til tannlegen kjem tilbake, og seier at han kan vente på venterommet eller kome igjen seinare på dagen. Olav vel å vente på venterommet, men da det nærmar seg tida da tannlegen skulle vere tilbake, ringer han og seier at han blir forseinka på grunn av komplikasjonar i ei behandling på sjukeheimen. Du informerer om at ventetida blir lengre, noko som fører til aggressiv åtferd og verbale truslar. Venterommet er tomt, og du er aleine på klinikken med pasienten.
  • 11. Takle aggressive personer forts. Når vi står overfor aggressiv eller truande åtferd, føler vi ofte frykt, angst eller sinne, og når vi er i den situasjonen, blir evna til å tenke klart og konstruktivt på problemløysing redusert. Greier vi ikkje å få kontroll over oss sjølve, kan dette føre til auka konfliktnivå og auka risiko for meir aggresjon frå pasienten. Derfor er det viktig å få situasjonen under kontroll. For å finne fredelege løysingar må ein som hjelpar vere bevisst måten ein uttrykker seg på. Opptre roleg og beherska og prøv å finne ut kvifor pasienten blei så sint. Ver bevisst på kva du seier, og korleis dette kan oppfattast av den andre. Ver ein aktiv lyttar, ver empatisk, og prøv å tenke på ditt eige kroppsspråk og ansiktsuttrykk og din eigen stemmebruk. Reflekter over korleis du ville ha opptredd i ein slik situasjon. Korleis ville du prøvd å forklare situasjonen, og kva for løysingar kunne du ha foreslått overfor pasienten slik at han roa seg og godtok å vente litt til? Kva om du ikkje fekk kontroll over situasjonen og roa ned pasienten, og han berre blei meir truande. Kva ville du gjort da?
  • 12. Etiske dilemma: Teieplikt Du er på jobb, og det ringer på døra. Du opnar, og utanfor står mormora til Hanne. På venterommet sit det fleire pasientar som ventar på å få kome inn. Hanne er 14 år, og mormor vil vite om Hanne møter til tannlegetimane, og om ho har mykje ubehandla karies. Ho spør deg også om Hanne er nøye med tannreinhaldet, og fortel at ho er bekymra, sidan det for tida er problem med Hanne, og at ho er veldig i opposisjon. De blir ståande i døra, og du svarer så godt du kan på spørsmåla til mormor. Reflekter over denne situasjonen i lys av teieplikta. Kva er rett, og kva er gale? Tenk gjennom desse problemstillingane: • Har mormor rett til å få svar på spørsmåla sine? • Handlar du rett når du svarer henne? • Korleis er den fysiske situasjonen rundt denne samtalen?
  • 13. Etisk dilemma: Sosiale medium Klinikken du arbeider på, vil gjerne ha eiga nettside, der de skal profilere den nyoppussa og moderne tannklinikken og opplyse om behandlingstilboda og kven som jobbar der. Sidan du er ein dyktig hobbyfotograf, blir du beden om å ta bilde til bruk på heimesida. Fotografia som blir brukte, er av venterommet med pasientar, behandlingsrom med tilsette og pasientar, og bilde av dei forskjellige romma med utsmykking de er stolte av. Du tar også bilde av alle tilsette, som blir lagde ut på heimesida. Har du og leiinga reflektert over kva for bilde som kan leggast ut? Korleis har de takla personvernet? Skriv ned korleis personvernet er tatt vare på i denne situasjonen, og eventuelle brot på personvernet.
  • 14. Etisk dilemma: Sosiale medium Ein pasient frå arbeidsplassen din legg ut den negative opplevinga si hos tannlegen du jobbar med, på Facebook. Det er fleire som kjem med kritiske synspunkt, og du blir provosert og blir riven med i debatten som oppstår, og kjem med ytringar om at situasjonen pasienten beskriv, ikkje var slik, og at du meiner pasienten fekk god behandling og blei behandla respektfullt. Reflekter over om det er greitt å delta i slike diskusjonar på sosiale medium. Korleis bør du som helsepersonell opptre i sosiale medium? Bør du vere ven med pasientar på sosiale medium? Har helsemyndigheitene synspunkt på dette?
  • 15. Konflikthandtering i arbeidet og i teamet Som tannhelsesekretær jobbar du i eit team som består av deg og tannlegen. De skal samarbeide om blant anna innkallingsrutinar, assistering, inntening, hygiene og innkjøp. De kjem stadig vekk i situasjonar der tannlegen meiner du ikkje gjer arbeidsoppgåvene dine, og du meiner det same om tannlegen. Du får tilsnakk og får ubehagelege hint både verbalt og gjennom kroppsspråk om at tannlegen er misfornøgd med deg. Du er i utgangspunktet like lite fornøgd med tannlegen som han er med deg, men prøver å seie minst mogeleg for å bevare «freden». Ein dag etter at de er ferdige med dagens pasientar, sprekk det for deg, og ut fossar alt du har bore og tenkt på, og situasjonen blir svært amper. De går heim frå arbeidet utan å seie ha det til kvarandre. Reflekter over korleis du kunne ha forhindra denne situasjonen, og korleis du vil gå fram for å rydde opp i samarbeidsproblema. Kva bør gjerast for at de i framtida får eit godt arbeidsmiljø? Viss du etter ei slik erfaring hadde slutta hos denne tannlegen og fått deg nytt arbeid, ville du ha gjort noko annleis frå starten av i det nye arbeidsforholdet?
  • 16. Samarbeidmed tannlegensom arbeidsgivarog kollega Du jobbar på ein einmannsklinikk der tannlegen både er arbeidsgivaren din, sjefen din og kollegaen din. Tannlegen utviser også stor autoritet på grunn av profesjonen sin. De bur på ein liten stad, og de er omgangsvenner privat. På jobben er det travelt, og på slutten av lunsjpausane tar ofte tannlegen opp ting han synest fungerer dårleg, og som han vil at du skal endre på. Det er aldri tid til å snakke om det han tar opp, for neste pasient sit som regel og ventar på venterommet, slik at du sjeldan får tid til å kome med dine synspunkt. Du synest også det er vanskeleg å ta opp spørsmål om fordeling av arbeidsoppgåver og forventningar til jobbutvikling og overføring av ansvar til deg, fordi du er redd for at han vil oppfatte det negativt, og du er redd det vil gå ut over vennskapen de har utanfor arbeidsplassen. Du har vore med på medarbeidarsamtalar i eit tidlegare arbeidsforhold og ønsker at de kunne begynt å gjennomføre det. Korleis vil du gå fram for å få ein medarbeidarsamtale, og korleis og når skal han gå føre seg? Set opp ein del spørsmål, arbeidsområde og arbeidssituasjonar du synest det er naturleg at de diskuterer i ein slik samtale. Er det noko som det ikkje bør snakkast om i samtalen, sett i lys av tilsettings- og omgangsvennforholdet ditt til tannlegen?
  • 17. Kommunikasjon med personar med psykisk utviklingshemming Personar med psykisk utviklingshemming er ei stor og samansett gruppe som har heilt forskjellige behov. Vi må ta omsyn til dette i måten vi kommuniserer med kvar enkelt på. TAKO-senteret ved Lovisenberg Diakonale Sjukehus har utarbeidd eit e- læringsprogram om utviklingshemming og oral helse, der kommunikasjon er ein stor del av kurset. For å heve din eigen kompetanse på dette området anbefaler vi at du går gjennom dette kurset. http://helsekompetanse.no/kurs/utviklings hemning-og-oral-helse